Nyheter

Ny rådmann i Gloppen

Marit Elisabeth Larssen (55), begynte som rådmann i Gloppen 1. februar.

Publisert Sist oppdatert

- Du har lang erfaring frå kommunal ledelse. Kva er tiltrekningskrafta?

- Det er veldig mykje spanande som skjer på kommunalt nivå. Kommunane har eit betydeleg ansvar for å halde oppe kvaliteten i lokalsamfunnet. I det ligg det ein politisk dimensjon som er spanande. Samstundes er det ein krevjande organisasjon, for den har ei bredde som nesten ingen annan organisasjon har.

- Du ville vel vært aktuell for mange toppstillinger, kvifor akkurat Gloppen?

- For det første er Gloppen ein utruleg vakker kommune, med eit nydeleg spenn fra fjord til fjell, og med eit aktivt kulturliv. For det andre har eg eit personleg forhold til kommunen, fordi mannen min var herifrå. Vi hadde hus her, som eg har flytta inn i. Det var som å flytte heim igjen, sjølv om eg er fødd i Tromsø. Dette, kombinert med moglegheita til ein jobb eg likar, var det viktigaste.

- Kva er dei store sakene i Gloppen?

- Tre ting: Økonomi, økonomi, økonomi. Utfordringa i Gloppen, som har drygt 5.000 innbyggjarar, er - som mange andre stader i distrikta - å få vekst i folketalet. I det ligg det og ei økonomisk utfordring.

- Må kommunen stamme livreima neste år, som mange andre?

- Ja da. Vi må gjere det allereie i år. Og alt tyder på at neste år må driftsbudsjettet vere 8 millonar kroner lågare enn i år.

- Oppsetjinga av ein ny opera, av Ole Paus og son, blir kanskje årets hending i Gloppen?

- Om det blir årets hending, torer eg ikkje seie, men fantastisk blir det. Gloppen har eit kulturmangfald av dimensjonar. Vi har tre festivalar til. Vi har landets største countryfestival, vi har landets eldste rockefestival og vi har Fjordblues. Desse går i perioden juni til oktober, men alle tilbyr og konsertar i løpet av året. I haust får vi dessutan eit nytt kulturhus.

- Korleis ønsker du å bli hugsa som rådmann?

- Som ein glad person og ei som oppfører seg ordentleg mot folk. Eg har eit stort engasjement, står på for å få ting til å skje. Då er det viktig at dei som blir utsett for forandring, ikkje føler at eg trør på dei, men at eg bryr meg.

- Har du nokre førebileter?

- Mormora mi! Ho var ei veldig sjølvstendig dame som heile livet var opptatt av at du har ansvaret for deg sjølv, med det det inneber for verda rundt deg.

- Kva er ditt beste boktips til lesarane?

- «Extra virgin» av Annie Hawes. Den handlar om eit spanande møte med eit område og med eit folk, i Liguria i Italia.

- Kva gjør du i fritida?

- Eg går på tur, trenar, går på kino - eg er i grunnen altetande når det gjeld det som går føre seg rundt meg.

Powered by Labrador CMS