Nyheter

Ny rådmann i Bygland

Trine Grønbech (35), starta som rådmann i Bygland 1. juni.

Publisert Sist oppdatert

- Kvifor vil du vere rådmann?

- Eg har stor tru på lokaldemokratiet, eg bryr meg om kommunen som forvaltningsorgan, og stillinga gjev ein eineståande sjanse til å påvirke eit samfunn eg bryr meg mykje om. Her kan eg manøvrere innan jus, leiing og politikk, og det passar bakgrunnen min veldig bra.

- Du var ordførarkandidat for Ap i Askøy ved kommunevalet sist. Legg du politikken på hylla no?

- Ja, absolutt. I alle fall så lenge eg er i ei rådmannsstilling.

- Kva er den største utfordringa for Bygland?

- Det er å snu nedgangen i folketalet.

- Kva er din resept for å få fleire innbyggjarar?

- Kommunen må bidra til næringsutvikling, så folk har noko å leve av nært der dei bur. Spesielt trur eg det er viktig å leggje til rette for kvinner. Bygland er ein landbrukskommune, og det synest vere slik at fleire menn enn kvinner blir verande i primærnæring. Utdanningsnivået er høgt, og når fleire kvinner tek utdanning, må kommunen leggje til rette for at dei skal vende tilbake og bli verande. Breiband til alle som ynskjer det, er eitt godt tiltak som er gjort her allereie.

- Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

- Eg vil seie at eg er verdibasert, strategisk og menneskeorientert. Mild, men tydelig.

- Hvis du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

- Eg ville hatt eit magasin med tema som tok for seg forventningar til kommunesektoren opp mot det vi er forplikta til å gjere. Eg meiner opplysningsjournalistikken kjem for mykje i skuggen av nyhendejournalistikken i pressa generelt. Eg synest Kommunal Rapport er ei god avis. Ho er nyttig for administrasjonen i kommunane, i alle fall.

- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?

- Hvis eg kunne velje heilt fritt, ville det blitt Arne Næss, for å diskutere det å vere menneske i eit av verdas rikaste land. Av nolevande måtte det bli Jan Egeland, for å snakke om kunsten å finne moglegheitene.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Med unntak av avisene og verktøy eg brukar i det daglege, prøver eg å vere aktiv på sosiale medier privat. Men eg er ikkje på Twitter enno; eg er litt treig av meg. Eg går gjerne inn på www.ebml.no - Eikanger-Bjørsvik musikklag - der eg har vore aktiv i mange år.

- Kva gjer du på fritida no?

- Eg er ikkje aktiv i musikklivet. Eg treng tida til å gjere meg kjent med jobben. Og eg bruker naturen så aktivt som mogleg; eg forsøker å jogge.

- Kva er ditt beste boktips?

- Eg kjem stadig attende til Jane Austen sine bøker, og Alexander Kielland - særleg «Gift». Her er det kvinner som diskuterer politikk i ei tid der det berre var menn som gjorde det.

Powered by Labrador CMS