Nyheter

Ny rådmann i Aurskog-Høland

Siri Hovde (57) starta som rådmann i Aurskog-Høland 1. februar.

Publisert Sist oppdatert

- Kva driv du med no?

- Eg skal ha formannskapsmøte om ein dryg halvtime, så det er dei siste førebuingane no.

- Aurskog-Høland er blant dei mest attraktive kommunane å bu i her i landet, viste ei undersøking Telemarksforskning gjorde for NHO for eit drygt halvår sidan. Korleis ser framtida ut, sett med rådmannen sine augo?

- Vi er den største kommunen i Akershus i areal, vi nyt godt av at urbane strok strekk seg utover. Vi har noko som er unikt. Det er dei store naturområda. Det er eit stort potensiale i høve til næringsutvikling og turisme. Vi har rimelege tomter, full barnehage- og sjukeheimsdekning. Etter kvart trur eg folk får augo opp for området.

- Kva er dei største utfordringane på kort sikt?

- Det er etablering av næringsverksemd, å få folk til å opne augo for dei tilboda kommunen kan bidra med, tiltrekkje nye innbyggjarar og generelt utvikle tenestetilbodet. Vi har nokre spesielle utfordringar innan skule og barnevern, og dette med rus er eit satsingsområde.

- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?

- Det er mange kompetente medarbeidarar med stor lokalkunnskap.

- Kva slag leiar er du?

- Mennskesyn og verdiar er veldig grunnleggjande for meg. Eg er god på prosessar, eg er tydeleg, analytisk og strategisk.

- Korleis ynskjer du å bli hugsa som rådmann?

- Eg vil bli hugsa for å ha gjennomført gode prosessar og levert saker som bidrar til ekspansiv utvikling av kommunen.

- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?

- Fokus på kommunen som ein veldig god og viktig organisasjon for utvikling av samfunnet. Moglegheita til å bidra gjennom rådmannsstillinga. Og ein ting til; korleis optimalisere ressursane ved samarbeid mellom fag og politikk. Eg syns det er så mykje godt arbeid og så mykje som fungerer, mykje som fortener meir positiv valør.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Ulike kommunar sine sider. KS, departementa og BI sine sider, og lenker som BI har.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg trenar på treningssenter to-tre gonger i veka, går på ski og tura og er saman med fem barn og fire barnebarn.

- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?

- Førsteamanuensis Ragnhild Kvålshaugen i strategi og logistikk på BI for å få innspel til kloke grep i utviklinga av Aurskog-Høland kommune.

- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?

- Eg har lest ein del faglitteratur. «Modernisering av offentlig sektor» er bra, av Tor Busch, Erik Johnsen, Kurt Klaudi Klausen og Jan Ole Vanebo. For å utvikle ein betre offentleg sektor er det viktig å utfordre det rådande og lere av andre sine erfaringar. Denne boka vil vere eit bidrag til det. For å utvikle ein betre offentleg sektor er det viktig å utfordre det rådande og lere av andre sine erfaringar. Denne boka vil vere eit bidrag til det.

Powered by Labrador CMS