Nyheter
Ny rådmann i Aurland
Steinar Søgaard (42), starta som rådmann i Aurland 28. september.
– Du skiftar frå ein liten kommune til ein annan. Kva er motivasjonen bak jobbskiftet?
– Det var på tide å flytte på seg etter ni år, prøve ein ny kommune – for eg likar meg i kommuneverda.
– Korleis er overgangen frå Granvin til Aurland?
– Sjølv om begge kommunane ligg ved ein fjord, er Aurland som kraftkommune i ein heilt annan situasjon. Her er mykje høgare aktivitet. Her er større moglegheit til å drive samfunnsutvikling.
– Kvifor vil du vere rådmann?
– Eg har vel fått litt gjennom far, som har vore rådmann i 15 år i Voss. Eg vart rådmann fyrste gong som 32-åring. Eg likar å leie komplekse organisasjonar og ha varierte arbeidsoppgåver. Og så er det veldig interessant å vere med på ei slik utvikling som ein får i denne stillinga.
– Kva er den største utfordringa for Aurland?
– Folketalsnedgang. Her er rasutsett, og vi får store skip inn fjorden. Det gjeld å gjere samfunnet trygt.
– Kva er din medisin for å lukkast?
– Vi må synleggjere gode oppvekstvilkår. Det kan få folk tilbake. Eg har erfaring med eit stort flytt-heim-prosjekt frå Hardanger, som vi kan dra nytte av. Dessutan er det viktig å få fram verdsarven, og ikkje minst forvalte han på ein god måte. Det handlar om å få opp turiststraumen og ta vare på naturen på same tid. Vi har eit godt interkommunalt samarbeid med Årdal og Lærdal her.
– Kor aktuelt er samanslåing for Aurland?
– Det er ikkje på dagsordenen. Vi vil nok heller jobbe tett interkommunalt.
– I budsjettet skriv du at “rådmannen meiner at talet på årsverk må ned”. Korleis går det?
– Vi skal i gang med ein klargjerande økonomiplanprosess no, der folkevalgte skal med frå starten. Utfordringa er at vi har eit inntektstak, samstundes som lønns- og prisutvikling vil gje avvik. Det er krevjande å ta ned aktiviteten, men vi må sjå på omfang av alt vi driv med. Denne kommunen kjem uansett godt ut.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Eg har eit grunnleggjande positivt menneskesyn og stor tillit til dei rundt meg. Eg er open, løysingsorientert og inkluderande. Eg er ingen supermann. Eg ser behovet for at alle skal vere med.
– Dersom du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
– Eg kjem til å bli meir og meir oppteken av korleis samhandlingsreformen vil verke inn, spesielt på små kommunar.
– Du er på Facebook. Er det blant favorittane dine på nettet?
– Nei. Eg er der på grunn av ungane og Vossajazz. Elles skummar eg nettavisene for å få oversikt, og så er eg oppteken av natur og jakt, også på nett.
– Er det natur og jakt det går i på fritida?
– Ja, eg har kameratar og to hundar som eg jaktar med. Så er eg saman med ungane, gjerne på ski.
– Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
– Eg har lese “Livsfilosofi” av Arne Næss. Den kan eg anbefale. Den gjev ulike innfallsvinklar til livet.
– Du får velje kven du vil ha med på ein middag forto. Kven vel du?
– Dotter mi. Ho er 20 år. Vi har mykje å prate om.