Nyheter

Ny administrasjonssjef i Hyllestad

Trond Halvard Hansen (56), byrja som administrasjonssjef i Hyllestad 1. januar.

 – Du har skifta jobb frå dagleg leiar i Flora Sportsklubb til administrasjonssjef i Hyllestad. Kva er største overgangen?

– I idretten og i frivillig arbeid tek ein ting på sparket. Det er mange fleire tidsfrister og rammer i kommunen.

– Du har vore ordførar i Kongsvinger og lokalpolitikar i Florø. Kva erfaring har du teke med fra desse rollene?

– Eg har lært å sjå løysingar og moglegheiter. Å vere rådmann er å halde i rattet på ein annan måte, men det gjeld å spele på lag og å spele kvarandre gode. I idretten har eg sett verdien av samspel.

– Kvifor vil du så gjerne styre ein kommune?

– Spenningsfeltet mellom det offentlege og det private tiltalar meg. Eg har mange moglegheiter til å påverke. Dessutan var eg moden for nye oppgåver. 

– Kva er den største utfordringa for Hyllestad?

– Hyllestad er ein Robek-kommune, så målet er å komme ut av klørne til Fylkesmannen i år. Elles har vi utfordringar med synkande folketal, sjølv om vi faktisk fekk 28 nye innbyggarar i fjor. Kommunen treng også fleire bein å stå på når det gjeld arbeidsplassar.

– På veg til jobb er du innom fem-seks kommunar. Trur du på samanslåingar i Sogn og Fjordane?

– Det er på høg tid å diskutere dette. Sjølv om vi har mykje samarbeid, trur eg mykje er endra innom ein tiårsperiode.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Eg er romsleg, løysingsorientert og oppteken av at alle har viktige posisjonar og ansvar. Som i idretten er også kommunen eit lagspel. Eg har ei praktisk tilnærming til jobben min. 

– Om du vart redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva sak ville du prioritere?

– Eg kunne fylt mange utgåver med saker om strukturen i den offentlege forvaltinga. Vi har forvalting nok til å betjene fleire titall millionar folk, så eg er oppteken av ei forenkling av Norge. 

– Du får velge kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?

– Det må bli sambuaren min, Rose-Mari, som eg no berre møter i helgane sidan eg er vekependlar. 

– Kva er favorittnettstadane dine?

– Eg les mykje nyheiter på nett. 

– Karl Ove Knausgård har nære samband til Hyllestad og har plassert Sørbøvåg på det litterære kartet. Har du lese bøkene hans? Går Knausgård-debatten friskt på kommunehuset?

– He he, nei eg har ikkje lese Knausgård, men eg burde kanskje det? Som ny i kommunen kunne eg dra i gang debatten.

– Andre bøker du vil anbefale?

– Eg les mykje fagbøker. Eg er nysgjerrig på blant anna alternativ medisin.

– Kva gjer du på fritida?

– No når det blir vår i Hyllestad, gler eg meg til å sykle rundt og bli kjent med folk og landskapet her. Elles trimmar eg, les, reiser og driv også med hagearbeid.

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS