Nyheter

Koplar av på småviltjakt

Øivind Olsnes, starta som rådmann i Modalen 1. august.

Publisert Sist oppdatert

– Korleis blir det for deg som har vore ordførar så lenge å vere rådmann?

– Eg har reflektert over dette i forkant. Eg har vore ordførarkollega med ordføraren her, som også er fra Høgre, og vi ser problema det kan føre med seg. Men eg har ikkje søkt meg til Modalen for å drive politikk!

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Å jobbe med personal, skape arbeidsplassar og drive samfunnsutvikling i ein liten kommune som Modalen, der ein er så tett på sakene, er særs interessant.

– Så da er det slutt med politikk for deg?

– Mens eg har ei normal yrkeskarriere, blir det ikkje politikk. Eg har hatt ei karantenetid frå eg gjekk av som ordførar til eg søkte rådmannsjobben. 

– Kor aktuelt er samanslåing for Modalen?

– Vi har tett samarbeid med andre i Nordhordland og satsar på det. Forventningane til å løyse oppgåver er dei same for store og små, så det er klart det er utfordrande.

– Kva er den største utfordringa for deg og Modalen no?

– Eksingedalen, som tilhøyrer Vaksdal kommune i dag, har søkt om å kome over til Modalen. Hvis departementet snart skjærer gjennom og seier ja, som Modalen har gjort i folkeavstemming, vil integreringa vere ei stor utfordring.

– Korleis vil du leggje an arbeidet?

– Eg har allereie anmoda om å bremse litt for å kunne utvikle gode tilbud på sikt. Vi har handlefridom, men må gå runder med oss sjølv i høve til driftsbudsjettet og redusere rammene for neste års investeringer.

– Hvis du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

– Gode ting som skjer, tips om løysningar som andre kommunar kan lære av.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Eg er ein open person. Eg likar å jobbe strukturert og målretta. Eg prøver å trekkje andre med i prosessar.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg driv med snekkararbeid. Og så likar eg småviltjakt og rypejakt. Eg har to søner som har teke opp familietradisjonen, og turar med dei er god avkopling.

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese, og kvifor?

– Det går mykje i faglitteratur, men elles var den siste eg las Jan Egelands si bok «Det nytter. Rapport fra frontlinjene». Han er ein fin person som har gjort ein god jobb, og boka gir perspektiv på kor godt me har det i Noreg.

– Kven vil du invitere på ein middag for to?

– Johan Galtung. Eg såg eit innslag med han på fjernsynet i samband med 80-årsdagen hans no. Eg likar å snakke med dei som har andre meningar enn meg. Det kan gje nye perspektiv på verden og utfordringane vi har.

Powered by Labrador CMS