Nyheter
Heile karriera i kommune på H
Børje Alander (57), starta som rådmann i Hjelmeland 1. februar.
– For tredje gong startar du som rådmann i ein kommune som byrjar på H, etter Hasvik og Halsa. Kvifor vil du vere rådmann?
– Det er utruleg spesielt at alle kommunane eg har vore rådmann i startar på H, ja. Motivasjonen for valet no, ligg i at Hjelmeland er ein kommune i vekst. Det er mange utfordringar å arbeide med her. Den formelle og faglege kunnskapen eg har tileigna meg, passar generelt til å vere rådmann.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Eg kan spelereglane mellom administrasjon og politikk, og eg er ganske tydeleg.
– På heimesida åtvarar Hjelmeland mot at skriftleg kontakt med kommunen kan bli offentleg kjent, og oppmodar folk om å bruke telefon. Kva syns du om offentleglova?
– Vi praktiserer sjølvsagt meiroffentlegheit. Vi vil berre informere, for nokon vil kanskje formulere seg annleis når dei veit at det dei skriv kan bli offentleg kjent.
– Får du mange telefonar, da?
– Eg får jo ein del telefonar, men det kjem mykje mail, og.
– Kor lenge er Hjelmeland eigen kommune?
– Vi er frittstående helit til det er vedtatt noko anna politisk. Førebels har vi ikkje anna enn ein rapport frå Telemarksforsking om samanslåing.
– Kva er den største utfordringa for deg og kommunen no?
– Det er å syte for gode verktøy, så vi kan få god økonomioppfølging. Ingen kjem til dekka bord når ein byttar jobb.
– Kva ville du sette på dagsordenen om du var redaktør i Kommunal Rapport?
– Eg syns avisa har ein bra dagsorden. Eg les ho med glede. Eg liker at avisa går inn og ser på korleis dei ulike kommunane ligg an i høve til kvarandre, slik som med Kommunebarometeret. Det er bra å ha noko å strekkje seg etter, sjølv om ein kunne diskutere vektinga.
– Jakt og fiske er din store lidenskap, sa du da vi intervjua deg i 2004. Kva gjer du på fritida no?
– Så lenge ein er i stand til å røre seg, vil ein slik lidenskap vare. Eg spelte fotball i unge dagar og er glad i idrett – sjølv om eg ikkje deltek på alt.
– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?
– Eg les det eg kjem over. Eg er historisk interessert, men trur ikkje andre lesarar er så opptekne av norrøn mytologi, kongesagaer og dei store verkene til Ibsen – knytt opp til tidsperiodar. Eg har allereie lest om krigsåra i Hjelmeland og mellom anna blitt kjent med mange stadnamn på dette viset.
– Kven vil du invitere på ein middag for to?
– Sambuaren min.