Nyheter

Gode kår for folk og fe

Dei tre blå spissane på våpenet til Sogn og Fjordane symboliserer dei tre fjordane Nordfjord, fjordane i Sunnfjord og Sognefjorden.

Tidleg på åttitalet var det fem utkast til våpen som kiva om å bli det endelege. Det var fjell, sjø og fjordar, ein geitebukk og eit rutekors frå Losna-ætta som var symbolforslag. Dåverande fylkeskultursjef Lidvin M. Osland meinte våpenet måtte være samlande for fylket, lett forståeleg, tidlaust, særmerkt og ikkje minst vakkert.

23. september 1983 vart det endelege fylkesvåpenet godkjent i statsråd.

Trivselsfylket

Fylket markedsfører seg som «Trivselsfylket».

«På utsida er Sogn og Fjordane eit vakkert, litt bortgløymt postkortfylke med smale fjordar, høge fjell, beitande geiter og sterke kulturtradisjonar. Her er det vill og vakker natur som ikkje er forsøpla, her er det lite drukkenskap, narkotika og kriminalitet, folk held seg friske, og ektefolk lever i lag til døden skil dei åt», skreiv Herbjørn Sørbø i 2002.

Sett opp mot landsgjennomsnittet ser det framleis ut til at Sogn og Fjordane kan skilte med stor «trivsel».

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folk frå Sogn og Fjordane framleis blir eldst, og i fjor var det berre 184 skilsmisser i fylket.

Berre Svalbard hadde færre meldte lovbrot enn Sogn og Fjordane i fjor. Og fylket er også triveleg for dyra: 3.856.376 liter geitemjølk vart produsert i fylket i fjor

Men trass gode levekår for folk og fe går folketalet i Sogn og Fjordane nedover. Frå 1997 til i dag er det 1.532 færre personar som kan skryte av at dei bur i Trivselsfylket. Men her, som i andre fylker, er det dei største kommunane som er folketalsvinnarane. Fylkets minste kommune, Solund, har sidan 1997 mista 215 busette.

Lengst, høgst, djupast, våtast og vestligst

- Fylket har 56 fjelltoppar over 2.000 meter. Dei fleste av desse toppane ligg i Luster kommune.

- Sognefjorden er verdas lengste, med 204 km, men også temmelig djup. 1.308 m på det meste.

- Europas djupaste innsjø ligg i Nordfjord. Hornindalsvatnet er 514 meter djupt.

- Utvær i Solund kommune er Noregs vestlegaste bebudde øy.

- Brekke i Gulen får normalt mest nedbør i året: 3.575 mm

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS