Nyheter
Gir nabokommunane 6-8 år
Lars Joranger (56), starta som rådmann i Stordal 1. november.
– Kvifor vil du vere rådmann?
– Eg ville at han som vart rådmann for to år sidan, skulle vere rådmann. Da han valde å slutte, meinte eg at erfaringa mi var godt eigna. Eg har vore vikar for rådmannen i to periodar, og syns det er spanande, utfordrande og interessant.
– Kva for eit tidsperspektiv har du for din del på rådmannsstillinga?
– Eg ser den som den siste jobben i mitt yrkesaktive liv.
– Du har vore i kommunen i 29 år. Kva nytt kan du lære og tilføre?
– Det er alltid noko nytt å lære, og eg likar å jobbe mot politisk nivå. Eg jobba under «gamlerådmannen» i 16 år. Han har lært meg opp. Det er ikkje ønske om store endringar. Eg får endre det som kan forandrast, og akseptere det som ikkje kan endrast.
– Kva er den største utfordringa for deg og kommunen no?
– Vi skal bygge ny skule. Vi skal i gang med omsorgsbustadar, og det er vedtatt ny barnehage. Med 1.000 innbyggjarar og mange arbeidsplassar knytt til ei konjunkturavhengig møbelnæring, er fritid og turismeutvikling viktig. Stor hyttebygging krev også store investeringar.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Eg meiner eg er open, tillitsskapande og engasjert. Også analytisk, sjølv om eg er impulsiv som type.
– Kor aktuelt er kommunesamanslåing for Stordal?
– I rådmannskollegiet ser vi det som nødvendig på sikt. Vi har tru på større einingar og fagleg miljø. Det vil vere naturleg når all kommunikasjon er betra. Eg vil tru vi har eit vedtak om samanslåing i løpet av seks til åtte år. Men dette er politikk, ikkje administrasjon.
– Kva ville du sette på dagsordenen om du var redaktør i Kommunal Rapport?
– Døme på korleis andre har løyst utfordringane sine. Gode dømer på interkommunalt samarbeid er interessant, men og tema knytt til leiing er godt stoff i Kommunal Rapport.
– Kva gjer du på fritida?
– Eg er glad i å gå på jakt. Eg har hatt ni turar på ski frå Rena til Lillehammer, men var for sein til å melde meg på i år. Under ski-VM skal eg vere i Oslo ei veke saman med gutane mine.
– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?
– «Dikt i samling» av Jacob Sande ligg fast på nattbordet. Det er så mykje bakom dei dikta. Dei er fine alle saman.
– Kven vil du invitere på ein middag for to?
– Han Jens. Og det hadde ikkje gjort noko om han hadde med seg Liv Signe, for eg er ikkje for kontantstøtta. Erfaringa her er at dei som skulle vore i barnehagen, ikkje er det. Det er mange som slit med å lære norsk når dei ikkje er i barnehagen.
– Noko anna du brenn for?
– Eg likar særs dårleg å få søknader til ein nynorskkommune på bokmål, særleg frå dei som har vakse opp med nynorsk.