Nyheter
Første kvinne på topp i Ørsta
Wenche Solheim (48) starta som rådmann i Ørsta 1. juni.
– Kvifor vil du vere rådmann?
– Det finnast ikkje ein meir spanande leiarjobb enn å vere rådmann når ein har kommunal bakgrunn på ulikt nivå, slik eg har.
– Kvifor vil du akkurat til Ørsta?
– Det kunne ha vore fleire alternativ her, men det blei no ledig i Ørsta. Eg er glad i Ørsta – eg vaks opp her og bur her – og vil bidra til å utvikle kommunen positivt.
– Ørsta kommune har vore utan rådmann sidan den førre rådmannen vart sagt opp i fjor. Korleis er det å overta etter dette?
– Ørsta er ein organisasjon som i mange år har vore på vent, på grunn av dødsfall og konstituering før oppseiinga no sist. Drifta har gått sin gang, men organisatoriske grep har lenge venta på ny rådmann. No er det veldige forventningar.
– Du er første kvinne på topp i administrasjonen i Ørsta. Kva vil det ha å seie?
– Sei det, eg har jo aldri vore anna enn kvinne, og tenkt at det må vere den beste personen som skal ha stillinga. Sosialarbeidarbakgrunnen gjer at eg er god på å formidle bodskap og setje grenser. Mitt fokus er å gjere andre gode, først og fremst leiarane.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Ein person det er lett å ta kontakt med. Eg brukar samtalen som verktøy, som i tida som sosialarbeidar. Eg er føreseieleg, ryddig og open. Da blir det tryggleik til å ta opp saker og prøve ut nye ting.
– Kva er den største utfordringa no?
– Vi er i Robek og organisasjonen er moden for omorganisering.
– Kor lenge er Ørsta eigen kommune?
– Sånn eg forstår politikarane, forventar dei at det skal skje at Volda og Ørsta blir ein kommune, men ikkje enno. Kommunestyret diskuterer dette no.
– Kva ville du setje på dagsorden dersom du var redaktør for Kommunal Rapport?
– Arbeidsgjevarrolla – fokus på ansvaret ein har både som politikar og administrasjon. Tilsyn tek snart livet av oss.
– Kva gjer du når du har fri?
– Vi driv med regattasegling og bruker naturen på ulike vis.
– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?
– Eg likar historiske romanar. «Seierherrene» av Roy Jacobsen er fascinerande. I feriar går det mykje i norsk og svensk krim.
– Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven tek du med deg?
– Næraste familie er alltid eit sikkert val, elles hadde det vore fint med forfattaren og nynorsken sin redningsmann, Ivar Aasen. Då kunne vi kanskje snakka om kommunenamnet Aasen for ein samanslått kommune!