Nyheter

Drammen trekker seg frå e-val

Tryggleiken til veljarane er ikkje god nok i forsøket med elektronisk val, meiner det politiske fleirtalet i Drammen. Sandnes tek plassen i forsøket.

Publisert Sist oppdatert

For nokre veker sidan vart Drammen og elleve andre kommunar peika ut som forsøkskaninar som skal prøve ut elektronisk stemmegiving ved kommunevalet neste haust.

Men no har kommunestyret – mot stemmene til Frp og SV – sagt nei til å vere med i prosjektet, til tross for at det var kommunen sjølv som i si tid søkte om å få vere med.

Ordførar Tore Opdal Hansen (H) skriv i saksframlegget til kommunestyret at utfordringane ved å stemme heime – åleine og utan påverknad – ikkje er teke godt nok omsyn til i prosjektet. Kommunen vil risikere svekka truverd om han blir med på velforsøket, meiner ordføraren.

Ingen av dei andre som vart peika ut til å vere med i prosjektet, har trekt seg, opplyser Kommunaldepartementet. I staden for Drammen er Sandnes plukka ut til å delta. 

Powered by Labrador CMS