Nyheter
Blei lokka inn i stillinga
Øyvind Bang-Olsen (46) starta som rådmann i Naustdal 4. oktober.
– Kvifor vil du vere rådmann?
– Eg blei så å seie lokka inn i det. Eg hadde ikkje tenkt det, men vi gjekk inn i ei tid da næringsselskapa eg dreiv skulle endre seg, og eg var litt på jakt etter ny jobb, sjølv om det var vanskeleg å gje seg der eg var.
– Det er med ein viss skrekk eg går til jobben, sa du da du vart tilsett. Korleis har du det no?
– No har gleden teke meg. Naustdal er ein kjekk kommune og eg er ansvarleg på anna vis enn eg har vore før. Det er overraskande kjekt.
– Kva er det nyttigaste du har med deg til topposisjonen?
– Eg har vore inni mange prosessar før, så om det kjem ei vanskeleg sak, veit eg at det gjeld å gje rom til å gjere ein grundig og god jobb. Organisasjonsutvikling er alltid viktig – å gje levelege kår for dei ein har med seg.
– Kor aktuelt er kommunesamanslåing for Naustdal?
– Dette er avklart i folkeavstemning for eit par år sida, og eg har ikkje fått nye signal frå politikarane. Det er ikkje overhengande behov for å slå seg saman her, slik eg ser det. Dei kostnadene som stig mest, er dei der vi har interkommunale samarbeid. Stordriftsforelar med offentleg forvaltning er ikkje analysert godt nok.
– Kva er haldninga di til opne søkarlister til toppjobbar i kommunen?
– Det er ein del av spelereglane. Det er individuelt om det er problematisk. Sånn er det, at du på mange arbeidsplassar er ferdig om du søkjer ei rådmannsstilling. Men det er fornuftig at det er open konkurranse om desse stillingane.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Systematisk, deltakande og lite detaljstyrande.
– Om du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
– Eg syns det er ei veldig god avis. Det er viktig å ha dei gode historiene, å få fram det positive som skjer i kommunane.
– Kva gjer du på fritida?
– Eg fiskar og så spring eg tur med lykta mi i skogen og ser på hjorten. Nett no pussar eg opp kjøkken og så er eg barnleg fascinert av Facebook.
– Korleis får du arbeids- og privatliv til å balansere?
– Det er ikkje tvil om at det er mykje jobb, men stort sett er eg heime mange kveldar. Ein kan jo lese ein del dokument der. Det blir 10-11 timars arbeid om dagen i snitt.
– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese? Og hvifor?
– Nick Hornbys «High fidelity». Hovudpersonen her har interesse for å sette saman spelelister, og det kunne kanskje vore ein hobby for meg.
– Kven vil du invitere på ein middag for to?
– Ein gamal musikkhelt; Ian Hunter. Det hadde vore fint og høyrt korleis det var gått med ein gamal rockar.