Nyheter
Ber rådmannen om å bli
Rådmannen i Stranda søkjer seg bort, men formannskapet ber ho om å bli verande i gjeldskommunen.
Formannskapet i Stranda kommune vedtok måndag ei oppmoding til rådmann Ann Kristin Langeland om å bli verande i stillinga, fortel lokalavisa Sunnmøringen.
Både Kommunal Rapport og Aftenposten har skrive om dei økonomiske problema i Stranda, med ekstremt høg og aukande gjeld. Rådmann Langeland har åtvara sterkt mot å auke gjelda ytterlegare, men har ikkje vore høyrt av det politiske fleirtalet i kommunen.
– Formannskapet vil ta på alvor dei problema som har oppstått mellom politisk leiing og administrativ leiing. Vi vil gjennom ein åpen dialog prøve å løyse desse problema. Formannskapet vil vidare jobbe for å etablere eit godt samarbeid og samtidig gi støtte til , heiter det i vedtaket frå formannskapet.
Det har óg kome fram at dei tillitsvalde er bekymra for stemninga mellom administrasjonen og den politiske leiinga i kommunen. Det er berre to år sidan ein sterk strid mellom førre rådmann og ordførar Frank Sve (Frp) førte til at rådmannen forsvann.
Langeland har vore i jobben i halvanna år, og seier til Sunnmøringen at det er «ei totalvurdering» som ligg bak når ho nå søkjer seg bort. Ifølgje avisa er det sannsynlegvis den ledige stillinga som rådmann i Ørsta, som Langeland no har søkt på.
– Jo fleire skifte av rådmann, desto verre blir det å finne ny, seier gruppeleiar i Sp, Jan Ove Tryggestad, til Sunnmøringen.
Over jul skal politisk og administrativ leiing i kommunen setje seg ned og snakke om situasjonen, ifølgje avisa.