Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

Saknar oversikt over nynorskelevar

Mange elevar opplever at læremiddel og læringsressursar ikkje ligg føre på nynorsk på same tid som på bokmål. Men kor mange "mange" er, manglar det tal på.

Stortinget skal vedta ny opplæringslov i sommar. Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune har i forkant sendt ein uttale til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og alle partigruppene på Stortinget. Uvalet ber om at opplæringslova må sikre nynorskelevane.

Ny opplæringslov skal etter planen gjelde frå august 2024.