Nyheter
Språket i fokus på nynorskkommunanes landsting
Språk, språkpolitikk og språkopplæring står sentralt når nynorskkommunane finn vegen til landstinget på Ål i Hallingdal 26.-28. mai.
Kari Bjørke, dagleg leiar i Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK), ventar om lag 100 deltakarar til landstinget.
- Vi har merka stor interesse for landstinget vårt, som i år er todelt, med konferanse om språkpolitikk og formelt årsmøte, fortel Bjørke.
LNK har i dag 109 medlemmar frå ni fylke.
Første dagen fortel jusprofessor Kåre Lilleholt, leiar for nynorskseksjonen i Norsk Språkråd, om språkreguleringar og språkpolitikk frå det offentlege. Språkkonsulent Ola E. Bø i Det Norske Teateret har rolla som nynorskaktivist og tek mellom anna opp spørsmålet om kva offisiell språkpolitikk vi ønskjer - og treng - her i landet.
- Vi skal også ha politisk debatt og har utfordra ordførarane i medlemskommunane til å fortelje korleis dei meiner arbeidet for språkleg jamstelling bør gå føre seg, fortel Bjørke.
Andre dagen er sett av til debattar og innlegg om språkopplæringa, og LNK delar ut prisen for god, offentleg språkbruk. (NPK)