Matkurs for liten, matkurs for stor

Minst 9.600 barnehagetilsette og 50.000 ungar har sidan 2007 delteke på matkurs i ei eller anna form. 

Kokk Per Ivar Berget har laga mat saman med barn, unge og tilsette ved barnehagar og skular i ti kommunar hittil i år. I Modum er det barne- og ungdomsarbeidar Liss-Cathrin C. Moen og fem av ungane i barnehagen Læringsverkstedet Åmot sin tur.

71 prosent av dei som har svart på Kommunal Rapports undersøking om mat i barnehagane, melder at tilsette har delteke på kurs om mat og kosthald.

9.600 barnehagetilsette har delteke på fiskesprellkurs som fylkeskommunane arrangerer, og som tek utgangspunkt i nasjonale retningsliner for mat og kosthald. Likevel blir rein fisk servert sjeldnare enn kvar månad i 33 prosent av barnehagane som har svart, og over 4 prosent av ungane får aldri fisk i barnehagen. 

Laksetaco sto på menyen i barnehagen i Modum da Kommunal Rapport var på besøk.

Tidligere artiklar i serien om mattilbudet i barnehagane kan du lese i nr. 6, 8 og 9 av Kommunal Rapport si papirutgåve.