Karihola barnehag i Kristiansund er eit døme på eit kommunal bygg av tremateriale.

Karihola barnehag i Kristiansund er eit døme på eit kommunal bygg av tremateriale.

Foto: Christina Qvam Hegertveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Vil at kommunar skal byggje i tre for å få ned klimagassutslepp

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil ha fleire kommunale bygg i tre. Ei støtteordning skal bidra til meir klimavennlege bygg.

Bygg står for ein tredel av klimagassutsleppa. Derfor er val av byggemateriale noko som er viktig når kommunane skal arbeide for å reduserte utsleppa sine.

Fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit, hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, er klar på at kommunane har ei viktig rolle som bestillarar av bygg, på vegen mot eit berekraftig samfunn. Kommunen kan bruke kjøpekrafta si å stille høge krav til leverandørane om klimavennlege løysingar.

– Bygg står for ein tredel av alle klimagassutslepp, og med dei rette tiltaka kan god planlegging av bygg bli eit effektivt verkemiddel for å redusere utsleppa, seier ho i ei pressemelding.

– Kommunane kan søke om økonomisk støtte til å heve kompetansen i å byggje i tre. Kommunane kan også få støtte til planlegging for meir berekraftige bygg, fortel fylkesskogmeisteren.

Christina Qvam Heggertveit, fylkesskogmeister, Møre og Romsdal, oppmodar kommunar i fylket om å søke midlar for å bygge eller rehabilitere bygg i tre.

Christina Qvam Heggertveit, fylkesskogmeister, Møre og Romsdal, oppmodar kommunar i fylket om å søke midlar for å bygge eller rehabilitere bygg i tre.

Foto: Arnold Hoddevik

Heggertveit leiar prosjektet «Tredrivaren» som skal styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal også legge til rette for utvida bruk av tre i bygg.

Målet er auka kompetanse om tre som byggemateriale for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og treindustrien.

Bygg påverkar klimaet

– Byggsektoren har eit omfattande klimafotavtrykk. Potensialet for å redusere klimagassutsleppa frå denne sektoren er stort, seier Heggertveit.

Ho oppmodar til gode val av byggematerial, i tillegg til god planlegging av både byggeprosess og drift.

– Når politikarar og byggherrar krev låge klimagassutslepp og fornybare byggematerial ved oppføring, rehabilitering og drift, vil også bygge- og anleggsbransjen bidra til å nå målet om eit lavutsleppsamfunn, seier Heggertveit.

Klimavennleg og fornybart

Heggertveit viser til at tre er ein fornybar ressurs, som tek opp og lagrar karbon frå atmosfæren gjennom fotosyntesen mens det veks. Et bygg av tre kan derfor reknast som eit karbonlager i bygget si levetid.

– Potensialet for å lagre karbon i bygg av tre er stort. Offentlege byggeigarar realiserer stadig fleire bygg med mål om eit redusert klimafotavtrykk, og vi får stadig fleire større bygg i tre og krysslaminerte byggelement, såkalla massivtre. Dette er eit viktig bidrag.

Smarte byggemåtar

– Å bygge større bygg med tre som konstruksjonsmateriale, og med konkrete terskelverdiar for utslepp frå prosjekta, er nytt for dei aller fleste byggherrar, prosjektleiarar, arkitektar, utførande entreprenørar og handverkarar. Behovet for å utvikle ein dialog for læring og bygge kunnskapsnettverk blir peika på som ein del av løysinga av ei rekke aktørar.

Gjennom Tredrivarens kompetansehevingsprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke om støtte. For heile fylket kan Statsforvaltaren gi støtte til inntil fem prosjekt totalt, med maksimalt 50 000 kroner per prosjekt. Søknadane blir behandla fortløpande.

Midlane skal brukast til å heve kompetanse om meir bruk av tre som byggemateriale, og planlegging for meir berekraftige bygg. Tidlegare søknadar har handla om støtte til konsulenthjelp, kurs og studieturar.