Drosjeeier Frank Rundhovde kjøper gjerne elektrisk neste gang han skal bytte drosjebil. – Det ligg i tida, seier han om kravet fylkeskommunen vil stille til drosjenæringa.

Drosjeeier Frank Rundhovde kjøper gjerne elektrisk neste gang han skal bytte drosjebil. – Det ligg i tida, seier han om kravet fylkeskommunen vil stille til drosjenæringa.

Foto: Magnus K. Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Vestland blir prisa for drosjesamarbeid

Vestland fylkeskommune har over fleire år samarbeidd med drosjenæringa om korleis dei kan bidra til klimaomstillinga. I dag tek imot fylkeskommunen pris for arbeidet.

I mars 2020 vedtok fylkestinget i Vestland å stille krav til nullutslepp ved drosjekøyring i gamle Hordaland frå 1. april 2024. Det vart samstundes vedtatt at administrasjonen skal greie ut om det er mogleg å stille det same kravet i alle kommunar i Vestland.

Kunnskapsutveksling og samarbeid mellom fylkeskommunen og drosjenæringa har resultert i at dei største aktørane har vedtatt ei målsetting om nullutslepp og at fylkeskommunen skal legge til rette for naudsynt infrastruktur. Det blir også gitt stønad til heimelading og hurtiglading.