Manglande førebygging er ei viktig årsak til at mobbing får utvikle seg, skriv Tove Regine Stranden og Kristin Øksenvåg.

Manglande førebygging er ei viktig årsak til at mobbing får utvikle seg, skriv Tove Regine Stranden og Kristin Øksenvåg.

Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Meninger

Mobbing – skal vi behandle symptom eller årsak?

Om elevane som opplever mobbing vil få det betre, avheng i stor grad av kvaliteten på systemet dei har rundt seg.

Tove Regine Stranden er elev-og lærlingombod og Kristin Øksenvåg mobbeombod i Møre og Romsdal.

Elevundersøkinga 2019 viser at om lag 27.000 elevar opplever å bli mobba på skulen to til tre gonger i månaden eller oftare. Det er ein marginal nedgang frå 2018. Undersøkinga viser store forskjellar mellom kommunar og mellom skular.

Ingen ønsker at barn og unge skal blir utsett for mobbing. Det er ubehageleg når vi blir konfrontert med at det likevel skjer. Kvifor går ikkje tala ned? Kvifor får vi ikkje bukt med mobbing i landet vårt, fylket vårt, kommunen vår, skulen vår, klassa vår?

Ikkje gløym å ta barn og unge med på råd!

Dette er spørsmål som har prega det nasjonale og lokale ordskiftet mellom politikarar, fagfolk og andre etter at tala frå Elevundersøkinga vart kjent.

Det er bra at arbeidet mot mobbing blir sett på dagsordenen. Barn og unge treng eit sterkt og kompetent lag rundt seg, som både har vilje, kompetanse og kapasitet til å stå på for dei når dei treng det.

Barn og unge treng at alle på laget forstår at det ikkje finst nokon quick fix. Dei treng eit lag som undersøker grundig og rettar tiltak mot årsakene til problema framfor å lindre symptom.

Kapittel 9 A i opplæringslova, ofte heilt feilaktig omtala som «mobbelova», slår fast at alle elevar har rett til eit skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Fråvær av mobbing treng ikkje å bety at skulemiljøet er trygt og godt. Derfor ønsker vi ein debatt som i større grad har fokus på korleis vi kan skape slike miljø framfor korleis redusere mobbetala. For det handlar om å starte i riktig ende.

Djupedalutvalet peika i sin utgreiing, NOU 2015:2 Å høre til, på fem utfordringar i arbeidet med å fremme eit trygt psykososialt skulemiljø og å førebygge og handtere krenkingar, som t.d. mobbing, på ein god måte:

1. Manglande rettstryggleik for elevane.

2. Skulekultur.

3. Involvering og samarbeid – elevar og foreldre blir ikkje involvert godt nok i skulens arbeid med det psykososiale skulemiljøet.

4. Ansvarleggjering og systematikk – mangelfull kapasitet hos skuleeigar og skuleleiarar til å jobbe systematisk og langsiktig med å utvikle inkluderande skulemiljø.

5. Organisering – utydeleg ansvarsfordelinga i støttesystemet (t.d. skulehelsetenesta, PPT, spesialisthelsetenesta).

For omboda er dette eit kjent utfordringsbilde. Utrygge klassemiljø prega av skjøre relasjonar, sterke hierarki og gruppedanningar gir gode vekstvilkår for mobbing. Om ein legg til utfordrande samarbeid skule–heim, konflikt i foreldregruppa, manglande fagleg støtte og rettleiing for elevar, foreldre og skule i krevjande saker, svak samordning i hjelpetenestene og manglande ressursar og kapasitet, har vi ein situasjon som ikkje er ukjent verken for skulefolk, foreldre, elevar eller mobbeombod. Det er svikt i systemet rundt barn og unge. Det seier seg sjølv – her trengst meir enn kjappe løysingar og lindring av symptom. Vi må jobbe med årsaka til at mobbing skjer.

Manglande førebygging er ei viktig årsak til at mobbing får utvikle seg. Ein må jobbe heilskapleg og systematisk med tilhøyrsel og inkludering i fellesskapa barn og unge er i, både i barnehage, skule og fritida. Om elevane som opplever mobbing vil få det betre, avheng i stor grad av kvaliteten på systemet dei har rundt seg, laget. Mobbing er barn og unge sitt problem, men dei vaksne sitt ansvar. Alltid.

Skuleeigar er den øvste ansvarlege, lagleiaren, på laget rundt barn og unge. Det er skuleeigars ansvar å sjå til at retten til eit trygt og godt skulemiljø blir oppfylt. Skuleeigar skal «stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast» (opplæringslova § 13-10). Skuleeigar skal spørje etter kompetanse og kvalitet på laget og styrke laget der det trengst. Kva som er best for barn og unge skal alltid vere eit grunnleggande prinsipp.

Ja, det er krevjande å bygge eit godt lag, eit lag der ein jobbar saman og spelar kvarandre gode. Ja, det er ressurskrevjande, både menneskeleg, økonomisk og tidsmessig. Og ja – det går an! Men då må vi slutte å late som vi ikkje veit kva som skal til, late som det finst kjappe løysingar, late som budsjettkutt ikkje har innverknad. Vi må begynne å behandle årsakene.

Og til slutt – ikkje gløym å ta barn og unge med på råd! Betre rådgivarar skal ein leite lenge etter.