Debatt
Eldrebylgja opnar ikkje for naudrett
Behov for omsorgsplassar opphever ikkje reglane for ansvarleg kommunal økonomistyring.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
I eit svar til meg i Kommunal Rapport held ordførar Lars Fjeldstad fast ved at Osterøy kan investere om lag 1 milliard kroner i eit nytt helse- og omsorgssenter, sjølv om det høgst sannsynleg vil føre kommunen inn på Robek. Han vil samstundes ikkje forskotere at ei slik investering vil medføre skulenedleggingar
Eg kjenner meg bunden av reglane for kommunal økonomistyring.
For å starte med det eg og ordføraren er samde om: Nullalternativet — å klare oss med dei heildøgnsplassane vi har — er ikkje eit alternativ. Det er det dyraste og dårlegaste alternativet.
Usemja handlar difor ikkje om vi skal satse på eldreomsorg. Den handlar om kommunen i første omgang må velje ei stegvis utbygging framfor ei full utbygging, fordi økonomien ikkje toler ei så stor investering som den vi helst skulle hatt.
Ordføraren meiner tilsynelatande at kommunen, i møte med eldrebylgja, nærast er i ein slags naudrettsliknande situasjon. Resonnementet er at vi då må gjere dei investeringane vi meiner er naudsynte, sjølv om Stortinget ikkje har løyvd nok pengar.
Helsepersonellkommisjonen har slått fast at kommunane må møte utfordringane med betre bygg og meir teknologi, og Riksrevisjonen har kritisert kommunane for manglande planlegging.
Når staten ikkje responderer med tilstrekkeleg finansiering, meiner ordføraren at vi må tvinge staten til å gjere det. På dette punktet er han overtydd om at lokaldemokratiet vil sigre.
For eigen del kjenner eg meg bunden av dei reglane kommunelova set for den kommunale økonomistyringa. Eg meiner staten må løyve meir til kommunane, gjerne gjennom ein monaleg auke i Husbanken sine tilskot til nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Det vil eg òg arbeide for å få gjennomslag for i mitt parti.
Men fram til det eventuelt skjer, må Osterøy styre innanfor dei økonomiske rammene vi faktisk har.
Det inneber at vi må få kommunedirektøren til å rekne på mindre kostbare alternativ. Så langt er det berre rekna på nullalternativet og på det alternativet ordføraren helst vil ha. Det er dette eg siktar til når eg påstår at Omsorg Pluss har blitt eit val mellom alt og ingenting.