Ordførar Hege Eide Vik i Vaksdal ønsker velkommen til den nyoppussa badeplassen i gangavstand frå stasjonen i Vaksdal.

Ordførar Hege Eide Vik i Vaksdal ønsker velkommen til den nyoppussa badeplassen i gangavstand frå stasjonen i Vaksdal.

Foto: Esben Hesjedal/Vaksdalposten
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

– Her slepp du unna hotellkjedene

Leik mellom trea, bad i sjøen og overnatt på fjellgard. Og kjøp deg ein ny strikkegenser. Det er råd Vaksdal-ordførar Hege Eide Vik (Sp) gir dei som vitjar kommunen.

– Nemn tre grunnar til at vi skal legge ferieturen til Vaksdal.

– Bergsdalen og Eksingedalen er velkjende turområde, og alle bygdene våre byr på lengre og kortare turar, både tøffe toppturar og familievennlege ruter. Fjordane våre byr også på gode kajakkopplevingar. Tusenårsstaden vår, Skipshelleren, ligg ved FV 569, og er du på biltur kan du gjera eit stopp her, gå i 10 minutt, og komme inn i ein liten oase. Her er informasjonstavler som fortel historia om steinalderbusetnad og dei funna som er gjort. Ein kan klatre i hellerveggen, lage mat, leike mellom trea og bade i sjøen. Legg også inn ein handletur og omvising hjå Dale of Norway, då får du norsk tekstilindustrihistorie og vakre, moderne strikkeprodukt.

– Kva har Vaksdal som andre kan misunne dykk?

– Dei koselege overnattingsmoglegheitene våre. I Vaksdal slepp du unna hotellkjedene, og kan nyte fleire ulike utleigestader med fantastisk kortreist mat med tilhøyrande historie. Elvahuset byr også på nydeleg mat og overnatting nær togstasjonen på Dale. I Eksingedalen kan ein leige hytte på fjellgard eller leige alt ein treng for overnatting ute.

– Kva vil du at gjestene skal sitte att med etter eit besøk i Vaksdal?

– Eg vil at dei skal hugse dei gode møta med innbyggjarane, dei fine turopplevingane, og gjerne ha lyst til å komme tilbake for å oppleve fleire fjell- og fjordturar.

– Nemn éin ting om Vaksdal som vi andre ikkje visste.

– Det tar 27 minutt med tog frå Bergen til Vaksdal. Er du på ferie i Bergen, kan du altså ta ein rask dagstur til gode bademoglegheiter og vakre fjellturar!

– Nevn éin attraksjon eller oppleving du gjerne skulle hatt til Vaksdal, men som dessverre ligg i ein annan kommune.

– Eg skulle gjerne hatt Voss Gondol her hjå oss. Rask og spektakulær tilgang til eit av våre flotte fjell ville vore fantastisk.

– Kva annan kommune meiner du vi også bør besøke?

– Ta turen vidare innover det vakre fjordlandskapet vårt langs FV 569, og gjer ein stopp i Modalen. Dalen er i seg sjølv ei flott oppleving, og så har dei eit koseleg sentrum med god mat på Mobryggja, og basseng og aktivitetar i Bryggjeslottet.

Vaksdal, Vestland

Innbyggjarar: 3.964

Visjon: Bynært bygdeliv

Kommunesenter: Dale

Industri- og kraftkommunen Vaksdal ligg ein halvtimes tog- eller biltur frå Bergen og grensar til åtte kommunar. Dale fabrikkar blei etablert i 1879 og den dag i dag vert det både designa og produsert ullvarer på fabrikken.

Det er 479 hytter i Vaksdal.