Besøksgarden Hakallegarden i Vanylven er kjent frå barne-tv serien «Marit og dyra». Garden er vel verdt eit besøk, meiner ordførar Lena Landsverk Sande.

Besøksgarden Hakallegarden i Vanylven er kjent frå barne-tv serien «Marit og dyra». Garden er vel verdt eit besøk, meiner ordførar Lena Landsverk Sande.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Eit eldorado for steingalne

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven byr på både badekulpar, rappellering, steinkyrkje og meisling av smykke rett frå fjellet. Kommunen er eit eldorado for steingalne, fortel ho.

– Nemn tre grunnar til at vi skal legge ferieturen til Vanylven.

Hakallegarden som er ein unik besøksgard der barne-tv serien «Marit og dyra» vart spelt inn. Der er fantastisk natur, fantastisk vertskap og trygge og gode dyr som er vane med folk.

Badekulpane i Syvde – ei eventyrleg oppleving i naturen sine eigne små basseng.

Golfbana på Eidså er ei niholsbane i nydelege omgivnadar

– Kva har Vanylven som andre kan misunne kommunen?

– Vi har Europas lengste one-drop rappellering i Breiteigsfjella i Syvde, og Tunheimsfjøra – eit mini-hotell-konsept av høgste klasse, med båttilgang, fantastisk utsikt og herleg comfort. I tillegg har vi St. Jetmund kyrkje som er ei langkyrkje i stein frå 1100-talet.

– Kva vil du at gjestane skal sitte att med etter eit besøk hos i Vanylven?

– At dei har vore på ein av dei vakraste og fredelegaste stadane på jord, utan køturisme. Her har vi minimalt med turistguiding og tilrettelegging for dei som ønsker pakkeløysingar, men vi kan lokke med fantastiske friluftsopplevingar, plenty med moglegheiter for dei aktivitetsglade om du likar fisking, kanopadling, dykking, sykling eller fjellturar.

– Nemn éin ting om Vanylven som vi andre ikkje visste.

– At vi har ei av verdas største mineralførekomstar. Vi er eit eldorado for steingalne, og du kan mellom anna besøke Peridotplassen på Åheim, som må vere einaste stad i verda der du ta med hammar og meisel og finne deg ein vakker smykkestein, heilt gratis!

– Nemn éin attraksjon eller oppleving du gjerne skulle hatt til Vanylven, men som dessverre ligg i ein annan kommune.

– Hunderfossen i Øyer. Dit reiser vi nesten kvart år saman med borna. Her kosar vi oss. Lokalt må eg nemne Skylift i Stryn i nabofylket Vestland. Spektakulær satsing, som verkeleg har blitt ein publikumsmagnet.

– Kva annan kommune meiner du vi også bør besøke?

– Midsund. Der er det vent og vakkert, med nydelege solnedgangar, frisk luft, sherpatrapper til fine fjelltoppar og gode moglegheiter for fine fiskeopplevingar.