Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Ny språklov krev meir offensiv nynorskpolitikk

Kommunar og fylkeskommunar får med ny språklov heilt andre føringar for korleis dei skal handsame nynorsken i eigen kommune.

Den 1. januar i år tok den heilt nye språklova til å gjelde. Den nye lova er mykje meir omfattande enn den tidlegare mållova og gjev det offentlege Noreg eit mykje vidare ansvar for språka våre. Frå det nynorske språksamfunnet er det store forventingar særleg til kva føremålet til den nye lova kjem til å innebere.

Å ha ein lokal politikk for opplæringsfeltet er noko av det viktigaste ein kan gjere om ein vil fremje nynorsk.