Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Blått, raudt eller grønt?

Ei fylkessamanslåing og ei fylkessamanslåing kan vere to heilt ulike ting. Nokre fylke kan forvente små endringar i den politiske fargesamansetnaden frå hausten, andre må bu seg på ein heilt ny politisk kvardag.

Valstatistikken syner tydeleg at landets fylke er ulike kvarandre også i partipolitisk forstand.

Noreg har fått sju flunkande nye fylkeskommunar, og står derfor også framfor det mest særmerkte og spanande fylkestingsvalet sidan ordninga med direkteval vart innført i 1975.

Dei fleste stader i landet har sjølve den organisatoriske fusjonen teke det meste av kreftene så langt. No er det på tide å riste fylka saman til nye politiske fellesskap. Partilaga er stort sett godt i gang med å finne kvarandre på tvers av gamle fylkesgrenser, og den 9. september fell også grensene mellom veljarar i gamle nabofylke. Korleis kjem det til å gå?

Kor smertefri eller smertefull den politiske integrasjonsprosessen vert, vil sannsynlegvis variere mykje. Vi veit allereie at den folkelege oppslutnaden om fylkessamanslåingane er høgst ulik, frå den mest bastante motstand via resignasjon og likesæle, til aksept og velvilje. (Utprega entusiasme skal vi derimot slite for å finne!)

Vi veit òg at diskusjonen om organisatoriske og økonomiske føresetnader for fusjonen har gått ganske glatt somme stader, og skapt stor frustrasjon og politisk splid andre stader. Og ut over det vi allereie har sett av samarbeid og strid, er det dessutan innlysande at kvar av dei sju konstellasjonane er unike når det gjeld graden av likskap og ulikskap i grunnføresetnader fusjonspartnarane imellom; med omsyn til folketal, areal, næringsstruktur, kultur og økonomisk styrke – og politiske preferansar.

For å gripe fatt i det siste: Sjølv om det er ni månader att til vi har fasiten på korleis veljarane grupperer seg i dei nye fylka, veit vi mykje om kva politisk særpreg dei gamle fylka har hatt. Valstatistikken syner tydeleg at landets fylke er ulike kvarandre også i partipolitisk forstand; nokre er systematisk raudare, blåare eller grønare enn landssnittet.

For å underbyggje poenget, fann eg penn og papir og gjorde nokre enkle utrekningar basert på resultata frå dei to siste fylkestingsvala og dei to siste stortingsvala. Eg noterte meg skilnaden i oppslutnad (i prosentpoeng) om kvart enkelt av dei åtte største partia, og adderte denne – og rekna ut snittet av dei fire vala.

Nei, det er ikkje rakettforsking, og metodisk neppe uklanderleg. Men eg vil likevel hevde at tala eg sat att med er ein god illustrasjon på kor mykje fusjonspartnarane skil seg frå kvarandre i partipolitiske preferansar, eller eit mål på graden av partipolitisk (a)symmetri, for å vere litt svulstig. Dess høgare tal, dess meir sprikar fylka, for å seie det enkelt.

Og her er resultatet, avrunda til næraste desimal: Innlandet 8, Agder 15, Finnmark og Troms 25, Vestfold og Telemark 25, Trøndelag 30 og Vestland 46.

Viken kludrar det til med sine tre fylke, men Østfold og Akershus er mest ulike kvarandre (29), mens det er større grad av samsvar i partipreferansane til veljarar i Akershus og Buskerud (16) og i Buskerud og Østfold (18).

Dei som kjenner hovudtrekka i den politiske geografien i Noreg, vil nokså enkelt gripe kva som er realitetane bak ulikskapane internt i kvart enkelt «nyfylke» – til dømes at Vestfold og Telemark er ein fusjon av eit knallsterkt høgrefylke og eit fylke der Høgre normalt gjer det fleire hakk dårlegare enn landssnittet.

Det mest iaugefallande med tala ovanfor, er likevel det store spennet mellom Innlandet på den eine sida og Vestland på den andre. Om vi dreg til litt, kan vi seie at valresultata i Oppland og Hedmark til forveksling er like. Som utprega raudgrøne fylke avvik dei i stor grad frå landssnittet, men i liten grad frå kvarandre. Arbeidarpartiet er jamt over litt sterkare i Hedmark, og Senterpartiet litt sterkare i Oppland, og der har du stort sett det som finst av skilnad.

Ulikskapane internt i det nye vestlandsfylket er derimot særs store, og mønsteret er det same som vi finn – om enn noko meir dempa – i Trøndelag: Eit lite og utprega ruralt fylke med sterk preferanse for Senterpartiet slår seg saman med eit meir folketalsrikt fylke i sør, attpåtil med ein storby der jordsmonnet for senterpartipolitikk er skralt.

Då verkar matematikken på eit nådelaust vis for senterpartistane: Ved førre fylkestingsval fekk Senterpartiet 33,2 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane, mot berre 6,3 prosent i Hordaland. Summen av dei to tala ligg likevel langt nærare det lågaste enn det høgaste talet. Sidan Hordaland har nesten fem gonger høgre folketal enn grannane i nord, ville partiet «berre» ha fått 11,2 prosent oppslutnad om vi hadde rekna saman røystene for dei to fylka under eitt.

Innlandet og Vestland er altså ytterpunkta når det gjeld graden av partipolitisk sprik i dei veljarskarane som no skal fusjonerast. Tilfeldigvis er dette også fylka som utgjer ytterpunkta når det gjeld folketalsmessig balanse: Hedmark og Oppland er jamstore; det gjeld definitivt ikkje Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kva dette har å seie i praksis, er uvisst. Det er ikkje sikkert at like born leiar best. Kanskje kan det endåtil vere at motsetnader tiltrekker kvarandre, og at summen av to ulike fylke vert eit storfylke med færre kvasse kantar og større funksjonsdugleik?