Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Åtte lys i mørket

Vi skulle alle ha ønskt det var over no. At uttrykket «i koronaens tid» kunne avgrensast til perioden februar-juni 2020. At vi etter sommarferien kunne gå tilbake til ein koronafri kvardag.

Slik blir det ikkje. I skrivande stund tyder alt på at koronalivet berre så vidt har starta. Vi må ved inngangen til hausten komme oss ut av feriebobla og venne oss til at vårens unntakstilstand glir over i ein ny koronakvardag – med smittefare i samfunnet som vedvarer over tid.

Midt oppe i eit slikt dystert scenario, vil eg vere så freidig å hevde at det også kan komme mykje godt ut av krisa vi no går gjennom. Her er mi liste over åtte «lys i mørket» – endringar som følgje av korona vi som samfunn kan få varig glede av:

1. Mindre sjukefråvær

Dei enkle, grunnleggande smittevernreglane vi har lært oss under korona – rutinemessig handvask, å arbeide heimefrå når ein er småsjuk osv. – vil vere med å hindre spreiing også av andre sjukdomar. Kombinert med eit arbeidsliv som legg til rette for heimekontor, vil det føre til mindre sjukefråvær på varig basis i arbeidslivet.

2. Eit meir effektivt arbeidsliv

Vi vil i framtida ha eit langt meir kritisk blikk på kor mykje tid og ressursar vi bruker på å reise til rutinemessige møte som heller kan gjerast digitalt, ved bruk av verktøy som no er rulla ut på brei front. Gjennom det har mange fleire også fått trening i å bruke digitale samhandlingsverktøy generelt. Det vil gje store, positive effektar i heile arbeidslivet.

3. Ein meir digital skule

Det som har imponert meg aller mest i vår, er den raske omstillinga lærarane våre har gjort i å utvikle digitale arbeidsformer og gje elevane undervisning og oppfølging pr. nett. Røynslene vi har fått her vil vere av uvurderleg verdi både for skulen generelt, og spesielt for elevar som av ulike grunnar slit med tradisjonell klasseromsundervisning.

4. Eit meir kortreist samfunn

Reiserestriksjonane våren 2020 har tvinga oss til å tenke gjennom korleis vi kan organisere livet slik at vi kuttar ned på reiseaktivitet, både i kvardagen og til fritid/ferie. Det er i det store og heile av det gode, og bør få følgjer for samfunnsplanlegging på alle nivå framover. Også for å gå i retning av eit meir berekraftig og klimavenleg samfunn. KS sitt forskingsarbeid «Kortreist kvalitet» bør bli pensum i all samfunnsplanlegging landet rundt.

5. Ei betre reiselivsnæring

Få næringar har opplevd så ekstreme svingingar under koronakrisa som reiselivet. Røynslene ein har fått sommaren 2020, kor heile Noreg skulle på ferie i eige land, vil vere av varig verdi for næringa. Ein har innført tøffe rutinar for reinhald og hygiene, blitt nøydd å tilpasse seg eit nytt, godt vant og «digitalt kompetent» publikum – og sett verdien sterkare enn nokon gong av å arbeide saman i destinasjonar og bransjenettverk. Reiselivet som kjem ut av koronakrisa, vil vere betre rusta for framtida enn nokosinne.

6. Auka respekt for «kvardagsyrka»

Ikkje heile samfunnet stoppa opp i mars 2020. Mange yrkesgrupper måtte møte på jobb som vanleg for å halde samfunnsmaskineriet i gang. Det var jamt over yrke vi elles tek for sjølvsagt og som slit med rekruttering: Reingjerarar, transportarbeidarar, bønder, hjelpepleiarar, butikktilsette og mange andre. I alle desse yrka treng vi fleire folk i framtida. Det «statusløftet» desse yrka har fått, trur og håpar eg vil gjere noko med rekrutteringa – i ein samfunnstrend der vi allereie ser at fleire søker seg mot yrkesfag som vegen inn i arbeidslivet.

7. Ein ny sjanse for distrikta

Eg bur sjølv i ein distriktskommune. Vår kvardag har vore langt mindre omvelta enn dei som lever sitt kvardagsliv i dei største byane. Vi har ingen «smitte-flaskehalsar» i kollektivtrafikk og rushtid. Vi har plass og areal rundt oss, og er mindre eksponert for smitte i kvardagen. Samtidig har bråvakninga på potensialet i nye digitale arbeidsformer gjort det langt lettare for mange å ha sin arbeidsstad også i Distrikts-Noreg. Eg trur ikkje følgja av dette blir ei «masseflukt» frå byane. Men eg trur våren har fått mange – særleg unge familiar og godt vaksne med born som har flytta ut – til å reflektere over kvar og korleis ein vil leve sitt gode liv. Også etter koronakrisa.

8. Eit Kommune-Noreg med sjølvtillit

Ein kunne frykte at kommunane, med små ressursar samanlikna med staten, var dårlegare i stand til å takle koronakrisa. Slik har det ikkje blitt. Kommune-Noreg har synt imponerande leiarskap og evne til å snu seg raskt rundt, både for å avgrense smitte og halde grunnleggande tenester til folk i drift. Litt tabloid sagt: Staten har stengt ned og trekt seg ut – kommunane har «stått i det», omstilt seg kjapt og levert tenester i krisetid. Det skal vi ta med oss vidare.

Misforstå meg ikkje: Koronakrisa er alvorleg. Særleg fordi ho råkar dei mest sårbare i samfunnet hardast, og fordi vi enno ikkje har sett langtidsverknadene i internasjonal økonomi. Men som ei kvar anna krise, skaper ho også eit unikt handlingsrom til raskt å endre samfunnet til det betre. Ingen har meir å tene på det enn oss i Kommune-Noreg.

Det som har imponert meg aller mest i vår, er den raske omstillinga lærarane våre har gjort