Målet må vere at alle kommunar må få utvikle sine fortrinn, enten det gjeld bykommunar sin regulering til næring og bustad eller distriktskommunar som satsar på vasskraft eller havbruk, skriv Jarand Felland.

Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Debatt

Superrike på naturen?

Lokalsamfunnet skal ha ein rimeleg del av verdiane som blir skapt i kommunen, på lokale ressursar.

På framsida til Kommunal Rapport nr. 18 er overskrifta «Superrike på naturen». I artikkelen lenger uti avisa blir det teke utgangspunkt i havbrukskommunar.

Kommentator Jan Inge Krossli skriv at den lokale retten til å skrive ut skatt bør i større grad vike for staten sin rett til å krevje inn grunnrenteskatt på såkalla superprofitt. Staten sin grunnrenteskatt bør i neste omgang fordelast til alle kommunar i Noreg.

Gjennom dei fire-fem siste åra har eg registrert slike kommentarar frå journalistar i Kommunal Rapport årleg. Det verkar som det er lite forståing i redaksjonen for at kommunane som stiller store areal til disposisjon, som heile storsamfunnet har glede av, bør ta imot noko utover gjennomsnittet. Endå meir skal gå til staten, som så skal fordele utover.

Det er ikkje i samsvar med kva føresetnaden for til dømes vasskraftutbyggingar har vore på Stortinget. Lokalsamfunnet skal ha ein rimeleg del av verdiane som blir skapt i kommunen, på lokale ressursar.

I artikkelen står det at «Noen ganske få innbyggere får tjenestetilbud i luksusklassen. Det er ikke effektiv bruk av offentlige midler.»

Dette er ein påstand som ikkje er dokumentert. Eg opplever at det ikkje er tilfelle. Innbyggarane i desse kommunane får eit godt tilbod, men noko luksustilbod er det ikkje snakk om.

Mange av havbruks-/kraftkommunane har eit lågt folketal, enten det er på kysten eller i Fjell-Noreg. Felles for slike kommunar er at dei er kostbare å drive, med skular, barnehagar, helsesenter og vegar. Samtidig skal legekontoret og til dels heimesjukepleie gi eit tilbod til dei fastbuande, men kanskje også tusenvis av turistar som kjem kvart år.

Ein del kommunar er geografisk heldige ved at dei ligg i, eller ved, sentrale knutepunkt, som mange større byar. Desse kommunane får gjerne mange offentlege og private arbeidsplassar.

I tillegg investerer staten stort i universitet, sjukehus, forskingssenter, flyplass, jernbane, bypakkar, vegar og hamner. For slike kommunar er det då naturleg å regulere store areal til bustadtomter og næringsareal. Dette er ofte tilstrekkeleg for å få folketalsvekst, auka skatteinntekter og såleis også budsjettvekst.

Spredtbygde område kan ikkje berre sitte og fordele næringsareal mellom ulike verksemder som står klare til å byggje. Her må tvert imot kommunen også tiltrekke seg dei som skal ønske å byggje, dei må ta ei aktiv rolle i utviklinga.

Ei satsing på reiseliv i til dømes Setesdalen har også innbyggarane i og rundt Kristiansand glede av. Kristiansand blir ein meir attraktiv som bustadkommune, fordi det då er eit godt aktivitetstilbod vinterstid innan to-tre timars reiseveg.

Skal Kristiansand-regionen trekke til seg attraktiv arbeidskraft og investeringar, betyr eit slikt tilbod noko, fordi det vil spele inn i vurderinga av om ein ønsker å etablere seg i Kristiansand eller til dømes i Oslo.

Distriktskommunar treng litt økonomisk handlingsrom for å gjennomføre satsing på arbeidsplassar og næringsliv. Krossli ønsker å ta mykje av desse pengane vekk. Det vil i praksis vere det same som ytterlegare å styrke sentraliseringa.

Målet må vere at alle kommunar må få utvikle sine fortrinn, enten det gjeld bykommunar sin regulering til næring og bustad eller distriktskommunar som satsar på vasskraft eller havbruk. Distriktskommunane bør også få behalde sin rettmessige del av verdiskapinga.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.