KrF har arbeidd for å få gjennomslag for ein likeverdreform som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2021.

KrF har arbeidd for å få gjennomslag for ein likeverdreform som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2021.

Foto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Større satsing på tilrettelagt arbeidsliv

Å få flest mogleg i arbeid er noko av det viktigaste vi kan gjera for å unngå at menneske fell utanfor samfunnet.

Derfor er det så viktig at vi har eit arbeidsliv som legg til rette for at så mange som mogleg kan delta, uavhengig av føresetnader.

Å få lov til å vera ein del av arbeidslivet handlar om verdigheit.

Alle bør få moglegheit til å bidra i samfunnet og til å vera ein del av eit sosialt fellesskap. Det bidreg til å styrka både sjølvkjensle og fellesskap.

KrF har lenge arbeidd for at alle skal ha rett til å ta del i arbeidslivet, uavhengig av kva bakgrunn ein har, kor funksjonsfrisk ein er, eller om ein har andre vanskar i livet som gjer at det kan vera krevjande å få eller stå i arbeid.

KrF har i Granavolden-plattforma fått gjennomslag for å auka talet på plassar for varig tilrettelagt arbeid (VTA).

Varig tilrettelagt arbeid er eit tilbod om arbeid til personar som mottar uføretrygd, eller som i nær framtid er venta å få innvilga uføretrygd. Dei som er ein del av ordninga, har gjerne behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfylgjing.

Det har vore ei opptrapping av VTA-arbeidsplassar dei siste åra. Dette har ført til eit historisk høgt nivå med om lag 11.100 plassar i 2020. Regjeringa har også varsla at det vert lagt til rette for å auka talet VTA-plassar framover. Dette er naudsynt for å gi så mange som mogleg eit godt tilbod.

Deltakarar i varig tilrettelagt arbeid skal få fast tilsetting og ein arbeidskontrakt. Dette er nødvendig for å gi gode vilkår og tryggleik for arbeidstakarar. God oppfylgjing frå skulealder og inn i arbeidslivet er eit sentralt bidrag for å lukkast.

KrF har arbeidd for å få gjennomslag for ein likeverdreform som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2021.

Den handlar om å skapa eit samfunn som har plass til alle og kor alle blir behandla likeverdig. Vi er alle enkeltindivid, som er like verdifulle og viktige for samfunnet vårt. Skal vi lukkast, er det avgjerande at vi har gode samfunnsmekanismar som legg til rette for mangfald, inkludering og deltaking.

Å få lov til å vera ein del av arbeidslivet handlar om verdigheit. Derfor må god tilrettelegging vektleggast, slik at det vert mogleg å ta del i arbeidslivet etter dei føresetnader kvar enkelt person har.