Debatt
Rygglaus ralling?
Vesle Ålvik vakna brått opp til flokkar av nyfikne journalistar. «Korleis kjenner du det i dag?» «Kva føler du no?»
Riksmedia har funne vegen ut i distriktsnoreg for å dekkje ei krise. Innbyggjarane set måndagsmiddagen fast i halsen, då nyhende heimanfrå surrar på alle kanalar. Andre dreg på skuldra og tenkjer «no igjen?» Journalistane greier ikkje skjula skuffelse over manglande vedtak for nedlegging. Alvorstunge tilsette vert filma på veg ut frå informasjonsmøte på Folkets Hus. Flaggar motoren i bygda ut?
Denne gongen handlar krisa om ei mogeleg nedlegging av Elkem Bjølvefossen i Ålvik. Eit av mange solide verk som no skal ut i kø for å skaffe seg nye kraftavtalar. Endeleg vaknar media. Utfordringa for industrien er ikkje ny. Heimfall er gjennomført, og politikarane bør ikkje setje flaskevatnet i vrangstrupen, for dette har vore kjent i mange år. Heldigvis har vi no fått ei regjering, som via Soria Moria viser vilje til å utgreie moglegheita for ein ny industrikraftmarknad. Dette er eit omfattande og komplisert arbeid som ikkje kan koma over natta. Men vil eigarane vente på resultatet?
Sist haust hadde Ålvik ei storarta feiring av verket sitt 100-årsjubileum. Fantastiske og lønsame år med industrieventyr. Staden er kanskje ein av dei mest kompakte og historisk interessante eksempla på industri som vaks fram tidleg på 1900-talet. Ei eksotisk røyrgate som med sine nær 1.500 meter strekk seg frå fjord til 900 meter over havet. Ei spektakulær trallebane ligg jamsides med røyrgata og gjer reisande ei unik oppleving på vegen opp til naturen i hardangerfjella. Undervegs kan den modige reisande studere utsikta over storarta og verneverdig arkitektur og industrihistorie. Men no er det brått slutt - minnesmerket vert rive.
Statkraft har overteke og bygt ny vassveg og kraftstasjon. Selskapet ser ikkje den historiske verdien og vil rive både røyrgate, kraftstasjon og trallebane. Dei meiner ansvaret ikkje er deira. Staten sitt eige selskap vil ikkje ta vare på dette flotte dømet på norsk industrieventyr, som endåtil ligg i verdas beste reisemål. Riv det ned!
Kraftavtalane går no ut, og nye skal forhandlast fram. Smelteverket treng langsiktige rammevilkår for å investere i ny framtid. Prisane på energi ligg fleire gonger høgare enn i dei gamle avtalane. Eigaren Elkem svarar med å vurdere flytting av Bjølvefossen sitt produkt til Elkem sitt verk på Island. Der er prisane på «u-lands»-nivå. Flytteplanane skal opp til avgjerd i konsernet over sommaren. Til trass for årlege overskot til eigar, så vågar Elkem den rygglause haldninga det ligg i ikkje å venta med avgjerda.
Industriromantikk eller miljøsatsing? Smelteverket Bjølvefossen sit på ei spanande og framtidsretta investeringsplan som skal gje stor miljøvinst. Skal investering gjerast i Noreg eller flaggast ut? Rein vasskraft, attvinning og miljøvenleg teknologi skal gjera norsk produksjon av produkt verda skal og vil ha, til verdas mest miljøvenlege produksjonsstad. Men då må rammevilkåra vera langsiktige.
Samme dag som dei tilsette fekk den triste meldinga om mogeleg nedlegging, vert NHO-leiar Jens Ulltveit-Moe sitert i Haugesunds Avis. Her seier han samfunnet får meir att ved å selja energien til utlandet. Vidare påstår han det av miljøomsyn er feil å satse på denne industrien, og at det er eit perfekt tidspunkt å leggje den ned no. Slik defensiv ralling tyder på manglande vilje til å sjå verdien av arbeidsplassar, miljøutvikling, velferd og lokalmiljø.
100 år med store økonomiske vinstar for samfunnet og eigarar kan vera over. Kompetanse, verdiskaping, distriktspolitikk og miljøvinst står i fare. Elkem må kjenna sitt ansvar og venta på kva regjeringa kan levere av rammevilkår. Om mogeleg bør også eit industrikraftmarked stille krav til miljøtiltak og utvikling av energibrukarane. Norsk industri må utviklast vidare, til stadig å vera i toppleiinga av global, teknologisk og miljøvenleg industri.
Det må liggja eit eige samfunnsansvar i å utvikla slike smålokale perler til å få fleire bein å stå på. Bidra til at det vert fleire motorar på staden. Unngå at bygda svingar i takt med verket. Unike kvalitetar ligg i desse miljøa. Folket er slitne av stadige «kriser» og omstilling. Flytting vert altfor ofte resultatet og grunnlaget for ny næring stadig mindre. Men me gjev ikkje opp!
Eit hundreår med industrieventyr kan veksa inn i eit nytt. Noreg har naturgjevne moglegheiter som andre kan misunne oss. Vi har teknologi og kunnskap til å ta i bruk nye energiløysingar. Internasjonale avtalar er sjølvsagt ei utfordring, men regjeringa signaliserer vilje til å prøva ut løysingar.
Eigar må vise ryggrad og ta ansvar i Ålvik - STOPP ELKEM i utflagginga!