Mindre byar og større tettstader utgjer ei viktig drivkraft i regionane over heile landet. Kva om dei fekk større plass og meir politisk merksemd? spør Tommy Aarethun.

Mindre byar og større tettstader utgjer ei viktig drivkraft i regionane over heile landet. Kva om dei fekk større plass og meir politisk merksemd? spør Tommy Aarethun.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Regionale senter bør få meir merksemd

Dei regionale sentra, i tett samspel med sine omland, kan spele ei nøkkelrolle i utviklinga av Noreg.

Mindre byar og byregionar er ein sentral del av busetnadsmønsteret i Noreg, og derfor er dei også viktige for den regionale utviklinga i landet. Likevel får desse byane og områda lite politisk merksemd, samanlikna med utkantdistrikta og storbyane – som det «politiske slaget» ofte står mellom. Det kjem fram i NIBR-rapporten, Mindre byer og regionsentre – roller og funksjoner i regioner og regional utvikling frå 2021.

Kanskje kan ein utvikle ny, spanande politikk på tvers av sentra og omlandet?

Dette bør ein gjere noko med – til dømes under kommunestyre- og fylkestingsvalet neste år.

Mindre byar og større tettstader utgjer ei viktig drivkraft i regionane over heile landet. Det er ofte her ein finn universitet, høgskular, større verksemder, statlege arbeidsplassar, kulturtilbod og andre tenestetilbod. Dei er derfor viktige motorar for utvikling og vekst i sine regionar. Kva om dei fekk større plass og meir politisk merksemd? Kunne det bidrege til å styrka den regionale utviklinga framover? Eg trur ein gjer klokt i vurdere det.

I Vestlandsmeldinga frå 2021 til Agenda Vestlandet/Sparebanken Vest peikar ein på det ein har valt å kalle for «ankerkommunar». Desse er sentrum for ein sterk lokal region, og det vert føreslege i større grad å kanalisere ressursar og investeringar til desse sentra.

Tenkinga vil nok raskt møte politisk motstand, men den er likevel spanande, og eg trur ein gjer klokt i å tenke vidare kring desse tankane framover. Mange stader går/vil uansett utviklinga gå i den retninga over tid.

For at det skal kunne vera mogleg å tenke og planlegge på denne måten framover, er det etter mitt syn ein heilt sentral føresetnad at ein greier å etablere ei forståing av at dei regionale sentra. Til dømes er dei nemnde «ankerkommunane» og deira omland gjensidig avhengige av kvarandre. Kvifor?

Vi veit at ein god del av dei som arbeider, nyttar tenestetilboda og bidreg til vekst og utvikling i dei regionale sentra, bur og har sitt liv i omlanda til dei regionale sentra. Dei regionale sentra og omlanda deira utgjer på den måten det som vert omtala som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion.

Derfor må auka fokus på dei regionale sentra også bety auka fokus på omlanda deira. Og ikkje minst bør sjølve samspelet mellom sentra og omlanda få merksemd.

Kanskje kan ein utvikle ny, spanande politikk på tvers av sentra og omlandet? Det trur eg ville vore eit godt bidrag til den regionale debatten, og til utvikling av sterke regionar over heile landet.