Meir enn 20 prosent av barn og unge i Norge har ulik grad av psykiske plager som angst, depresjon eller åtferdsproblem, skriv Torill Selvold Nyborg.

Meir enn 20 prosent av barn og unge i Norge har ulik grad av psykiske plager som angst, depresjon eller åtferdsproblem, skriv Torill Selvold Nyborg.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Psykisk helsehjelp til barn og unge vert styrka

Viss vi lukkast med målet vårt med å gi rask og god psykisk helsehjelp tidleg, treng det ikkje bli så stor utfordring seinare i livet.

Det vert i år starta ein opptrappingsplan for å betra psykisk helsetilbod til barn og unge. For 2021 har regjeringa løyvd 170 millionar kroner til dette føremålet. 100 millionar av desse går til kommunane, slik at dei kan etablera gode lågterskeltilbod på ein måte som gjer det enkelt for barn og unge å få hjelp tidleg.

Dessverre ser me at for mange ventar for lenge med å be om hjelp.

Dessverre ser me at for mange ventar for lenge med å be om hjelp. Derfor er målet å kunna ta kontakt raskt, enten digitalt gjennom chatte-teneste eller til dømes oppsøka skulehelsetenesta.

Vi har sett at det er mange barn i barnevernet som har psykiske helseutfordringar. Derfor styrkar vi no innsatsen her med 30 millionar kroner for å kunna få betre oversikt, og såleis kunna gi rett og betre hjelp til den enkelte.

Meir enn 20 prosent av barn og unge i Norge har ulik grad av psykiske plager som angst, depresjon eller åtferdsproblem. I ein Ungdata-undersøking gjort i 2018 seier 20 prosent av jentene og 7 prosent av gutane i ungdomsskulen at dei har eit høgt nivå av psykiske plager.

For vidaregåande elevar er omfanget auka til 29 prosent for jenter og 11 prosent for gutar.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er bekymra for utviklinga og seier: «Diverre ser vi at det er ein auke i tala på barn og unge som har utfordringar. Det er så mange barn og unge som kjenner på at dei ikkje meistrar livet.»

Dei aller fleste som får psykiske helseutfordringar gjennom livet, får det første gong som barn eller ungdom. Så viss vi lukkast med målet vårt med å gi rask og god hjelp tidleg, så treng det ikkje bli så stor utfordring seinare i livet.

Dersom vi i motsetnad ikkje lukkast i å gi rett og god behandling tidleg, kan dette vera noko som gjer at menneske får store utfordringar gjennom heile livet. Også når det gjeld psykisk helse er tidleg innsats svært viktig. Det vil gjera at fleire vert friske, og fleire får ei betre psykisk helsa og eit betre liv.