Førde sentrum, med det nye rådhuset som Trond Ueland nemner som ei av årsakene til den vellykka samanslåinga til Sunnfjord kommune.

Førde sentrum, med det nye rådhuset som Trond Ueland nemner som ei av årsakene til den vellykka samanslåinga til Sunnfjord kommune.

Foto: Britt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Mirakelet i Sunnfjord – litt magisk

Kommunen er etablert. Det gikk bra. Var det eit mirakel? Ja, faktisk.

Sunnfjord kommune er ein realitet. Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde er avslutta, dei finst ikkje lenger.

Spelar gode leiarar ei rolle her? Openbert.

Sunnfjord, med sine 22.000 innbyggarar, har teke over alt av tenestene, 2.200 tilsette er fordelt på 1.650 årsverk. Og alle får lønn. Dei 45 folkevalde er plassert i sine respektive komitear og utval.

Forskaren Ynge Flo kalla samanslåinga for «mirakelet i Sunnfjord». Korleis er det mogleg å få fleirtal for ei så stor samanslåing, og det til og med i eit utprega Sp-landskap? Var det eit mirakel? Ja. Men det var magisk også.

Endring av store organisasjonar er komplisert. Samanslåing av fire kommunar må nesten reknast som elitedivisjon i endringsleiing.

Vi må vel kunne karakterisere fødselen som lang. Den tok om lag fem og eit halvt år. Dette var heller ikkje det første svangerskapet. Det har nemleg vore fleire – eit i 1995 og eit i 2003 – men alle har blitt avbrotne.

Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte og fylkesrådmann Jan Øhlckers vart tidleg engasjerte til å leie prosessen det første året, og må ta mykje av æra for at arbeidet med kommunereforma fekk ein så rask start. Endeleg fekk dei sjansen til å vere med på noko historisk. Klart dei likte det. Eg trur vi alle som deltok, vart litt fanga av magien.

Tonen i forhandlingsutvalet var overraskande god, ja, faktisk magisk. Snakka vi om ei kommunal forelsking? Ja – ei stund. Kjensle av å få delta på noko historisk, noko viktig, noko meir enn seg sjølv og sin eigen kommune. Sjølvsagt vart det magisk!

På det meste deltok Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Jølster, Flora, Naustdal, Gaular, Gloppen og Førde. Ikkje til å forstå i ettertid.

Og kva med ordføraren frå Flora, som gjekk frå sterk motstand til å vere for ein ny samla kommune i Sunnfjord?

Magisk, spør du meg. Men folket i Flora sa nei. Og ja, eg meiner framleis Flora burde vore ein del av Sunnfjord kommune.

Politikarane er jo sett til styre på vegner av folket. Men her gjekk dei på ein smell. Nokon vil nok seie dei folkevalde «feiga ut».

Eg forstår dei. Svaret vart folkeavrøysting i nokre kommunar og opinionsundersøking i dei andre. Folkeavrøysting er demokratisk risikosport. Særleg dersom oppslutninga er låg og valalternativa uklare. Folkerøysting og innbyggarhøyringa viste at det i røynda berre var kommunane Jølster, Gaular, Naustdal og Førde som ville danne den nye kommunen.

Mirakelet Sunnfjord kommune – kva var løyndomen? Ei openberr forklaring handlar om medverknad. Dei tillitsvalde har vore med frå dag ein og har spelt ei særs viktig rolle.

Spelar gode leiarar ei rolle her? Openbert. Alle rådmennene var for, prosjektordføraren, som var for og som i dag er ordførar for kommunen, spelte òg ei viktig rolle. Han utviste eigentleg statsmannkløkt.

Administrativt var tilsetting av ein prosjektleiar og etablering av ei administrativ styringsgruppe viktig. Prosjektleiing handlar òg om magi. Vi hadde den beste prosjektleiaren. Det same gjeld for prosjektkoordinatoren, han må jo eigentleg halde styr på alt.

Men nok om dette, som sunnfjordingar flest, toler vi ikkje for mykje skryt. Eg må òg nemne oppretting av ei fellesnemnd i 2017 som fungerte som framtidas kommunestyre fram til ny kommune i 2020. Dei hadde ansvaret for alt som skulle skje etter 2020. Men ikkje før.

Folket i dei fire kommunane som slo seg saman, sa ja. Det same sa Fjaler, men dei fekk ikkje vere med. Det vart merkeleg.

Resten av kommunane røysta nei. Lokalmedia var òg for – faktisk dårleg skjult. Og det i beste sendetid.

Aktiviteten på sosiale media var tidvis formidabel, både på opne og meir lukka kanalar. Truleg er slike opne debattkanalar viktigare enn vi har tenkt.

Eg må òg få nemne det nye rådhuset. Gode møtestader, god plass, god kantine drive av ressurssenteret, hyggelege og smilande folk som byr på seg sjølve. Så har vi fått nye og flinke kollegaer. Dette er undervurdert.

Ja vel, det gjekk bra. Var det eit mirakel? Ja, faktisk.

Til slutt: Kommunen er etablert, no står det berre att å skape innbyggarar. Samtidig må den nye kommunen vere med å spele andre gode gjennom å vere synleg og rause med dei rundt oss.

Sunnfjord kommune skal jo vere EIN – engasjert, inkluderande og nær. Og den skal vere ein sentral kommune på Vestlandet.