Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

«Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»

«Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres, og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.»

Orda er Sigrid Undset sine og stimulerer til ein spennande diskusjon. Kva er forholdet mellom «tiderne» og «menneskenes hjerter», mellom samfunnsutvikling og enkeltmennesket, mellom tidsånda og kvar og ein av oss? Kor kjem tankane og trua vår, lengten og draumane våre frå? Kor blir det plass til «menneskenes hjerter», dette menneskelege og grunnleggande når alt det andre endrar seg så fort?

Kanskje var det ein blenk av desse tidlause og uforanderlege «menneskenes hjerter» som gjorde det så godt å sjå filmen Heftig og begeistret. Desse godt vaksne i Berlevåg mannssangforening som song om dei nære ting, ved og om havet, døden og kjærleiken.

Ein av dei eldste songarane kunne om sine 95 år seie: «Eg har endå ikkje slått eit menneske. Og eg har heller aldri fått ein på kjeften.» Det var tydeleg at for han var det eit adelsmerke å få lov og gå gjennom eit langt liv utan å bruke vald. Det var sterkt å oppleve desse mennene som så overtydande representerte ein omsorgskultur, ein kjærleik til bygda og eit ansvar for fellesskapet.

Utan vald

Eit liv utan vald er eit liv med respekt for seg sjøl og for sine medmenneske. Eit liv utan vald er sjølve kjerna i humanismen og i menneskeverdet. Det kan vere lett å gløyme kor sterkt eit ønske dei fleste av oss har om å få leve eit liv utan vald, når vi i mediene får så mange meldingar om det motsette.

For nokre veker sidan opplevde vi at 15 år gamle Benjamin Hermandsen vart drept av rasisme. Ei djup sorg seig inn over oss alle: Korleis kunne dette skje i Norge, hos oss?

Men sorga lamma oss ikkje. Det reiste seg eit opprør over heile landet. Vi vil ikkje ha det slik. Vi finn oss ikkje i at primitive idear om at nokon er meir verd enn andre på grunn av hudfarge og kulturell bakgrunn, skal få fotfeste. Vi finn oss ikkje i at vald skal aksepterast og legitimerast. Sorg og raseri fekk tusenvis av menneske ut av godstolen, vekk frå TV-en og ut på vegar, gater og torg. Vi vil ikkje ha det slik. Vi finn oss ikkje i det!

Men nyttar det? Var ikkje dette berre eit blaff og så er det gløymd? Svaret kan berre vi sjøl gje. Kampen for menneskeverd, for eit liv utan vald, må kjempast heile tida. Vi kan ikkje vente at «dei andre» skal reagere. Vi må reagere sjøl.

Ekstra smerte

Eg leste for ei tid sidan om ei interessant undersøking om mobbing. Ei gruppe mobbeoffer og mobbarar vart spurt om dei trudde at dei som var vitne til mobbesituasjonar, tok avstand frå mobbinga, eller om dei trudde at dei som såg det, syntest det var greit. Både dei som utførte mobbinga og dei som mobbinga gjekk ut over, trudde at dei som såg og var vitne til overgrepa, godtok og aksepterte mobbinga.

Så vart dei som såg på spurt om kva dei syntest. Alle som ein svara at dei likte det ikkje, og dei tok avstand frå handlingane. Men dei sa ikkje noko. Med si passive haldning ga dei mobbaren eit inntrykk av at den som teier, den samtykker. Den som blir utsett for overgrep, får ein ekstra smerte, dersom ingen reagerer og tar til motmæle.

Det avgjerande er å sjå at det nyttar og ha tru på at kvar og ein av oss er med på å avgjere at det store opprøret mot rasisme og vald ikkje berre blir eit blaff, men eit tidsskille.

Det fleirkulturelle Norge er ein realitet. Tusenvis av flyktningar og asylsøkarar skal busettast rundt om i kommunane over heile landet. I skole og barnehage, på arbeidsplassar og i lokalsamfunn, må vi arbeide hardt for å skape eit klima for toleranse og bygge eit fellesskap av dei forskjellige.

Gode forbilde

Det er ikkje tvil om at dette vil endre både sedar og skikkar og føre til at vi endrar tru og tenkjer annleis om mange ting. Men våre tankar om menneskeverd og likskap, våre ønske om å leve i fred og skape eit fellesskap utan vald, må vi tamed oss i ei foranderleg tid.

Til dette treng vi gode forbilde. Berlevåg mannssangforening har rørt ved «menneskenes hjerter» over heile landet. I kampen mot rasisme kunne målet for oss alle vere å bli 95 år og seie:

«Eg har endå ikkje slått eit menneske.

Og eg har heller aldri fått ein på kjeften.»

Skrevet av: Arna Meisfjord