Lærarane sin tillit til KS som representant for arbeidsgjevar og skuleeigar er svekka, og påverkar rekruttering og aukar fråfallet frå yrket, skriv Fylkesforum i Utdanningsforbundet Vestland i dette innlegget. Forumet utfordrar hovudstyret i KS på korleis dei vil gjenopprette tilliten som er nødvendig for å sikre ein god skule i framtida.

Lærarane sin tillit til KS som representant for arbeidsgjevar og skuleeigar er svekka, og påverkar rekruttering og aukar fråfallet frå yrket, skriv Fylkesforum i Utdanningsforbundet Vestland i dette innlegget. Forumet utfordrar hovudstyret i KS på korleis dei vil gjenopprette tilliten som er nødvendig for å sikre ein god skule i framtida.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Korleis vil KS opprette tilliten til lærarane?

Lærarane sin tillit til KS som representant for arbeidsgjevar og skuleeigar er svekka. No lurer vi på korleis hovudstyret vil gjenopprette tilliten.

Nyleg var fylkesforum i Utdanningsforbundet Vestland samla. Forumet er samansett av fylkesstyret, lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde frå alle kommunane og fylkeskommunen i fylket.

Eit av tema på møtet var korleis KS forvaltar si rolle.

KS er ein interesseorganisasjon for alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg. Berre Oslo kommune står utanfor. KS er demokratisk styrt av folkevalde frå ulike parti over heile landet.

Dei forvaltar dermed politikk innanfor ei rekkje område, i tillegg til rolla som arbeidsgjevarrepresentant. Kommunane er den desidert største myndigheitsaktøren vi har i landet, og det er ei klar forventning om at KS forvaltar si rolle som representant for kommunane seriøst og etterretteleg.

Vi har gjennom fleire år sett eit KS som har gått til mange ulike åtak på ei konkret yrkesgruppe; lærarane i skulen. Under nemner vi nokre av dei.

  • Systematisk og kontinuerleg nedprioritering av lærarane si lønnsutvikling sidan KS tok over forhandlingsansvaret i 2004.
  • Årleg tradisjon med å nekte for den faktiske og veldokumenterte mindrelønnsutviklinga til lærarar i samband med lønnsoppgjera.
  • Bevisst misbruk av offisiell statistikk for å undergrave det reelle talet på tilsette som er i ei undervisningsstilling utan å ha godkjend lærarutdanning.
  • Undergrave lærarprofesjonen ved å utfordre opplæringslova sine krav til lærarutdanning ved å hevde at 8 000 av rapporterte 11 600 grunnskulelærarar utan godkjend lærarutdanning er «fullt ut kvalifiserte».

Fylkesforum i Utdanningsforbundet Vestland meiner det er kritikkverdig at ein representant for kommunane opptrer så målretta og tendensiøst i sine åtak mot den største arbeidstakargruppa på kommunalt område.

Vi stiller oss undrande til at dette er ein politikk som dei demokratisk styrde organa i KS stiller seg bak. Vi ønsker derfor å utfordre hovudstyret på om dette er vedteken og ønska politikk frå deira side?

Lærarane sin tillit til KS som representant for arbeidsgjevar og skuleeigar er svekka, og påverkar rekruttering og aukar fråfallet frå yrket. Vi ønsker å utfordre hovudstyret på korleis dei vil gjenopprette tilliten som er nødvendig for å sikre ein god skule i framtida.