Sauda har løyst fastlegekrisa med Nordsjøturnus.  – Er det blitt fleire legar i Noreg som fylgje av at me nå betalar dyrt for at folk ikkje skal jobbe deler av året, skriv kommunedirektør Vegard Thise i dette innlegget.

Sauda har løyst fastlegekrisa med Nordsjøturnus.  – Er det blitt fleire legar i Noreg som fylgje av at me nå betalar dyrt for at folk ikkje skal jobbe deler av året, skriv kommunedirektør Vegard Thise i dette innlegget.

Foto: Colourbox
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Har me løyst fastlegeutfordringa?

Det er uforståeleg at det er forbod mot utleige i deler av verkstadindustrien, medan velferdsprofitørar får tømme kommunekassene.

I media har kommunen eg har gleda av å vere kommunedirektør i, fått skrøyt for å «ha løyst fastlegekrisa». Me har tilsett fastlegar i intervallturnus, såkalla Nordsjøturnus. Eg er ikkje heilt sikker på at det er så enkelt. Spørsmålet mitt er difor: har me isolert huset, eller har med latt vatn gå i buksa for å halde oss varme?

Kommunane legg plaster på eit sår som treng sying og operasjon.

Det er heilt uforståeleg at det er forbod mot utleige i deler av verkstadindustrien, medan velferdsprofitørar for lov til å tømme kommunekassene med prisar på over 3 millionar kroner per legeårsverk.

Sauda kommune har sidan 2015 hatt 59 fastlegar på 6 fastlegeheimlar. Budsjettet vårt for drift av legekontor og legevakt er omtrent like stort som budsjettet til Sunnfjord kommune på området. Me har cirka 4.500 innbyggarar, Sunnfjord kommune har cirka 22.000 innbyggarar. 

Du treng ikkje doktorgrad i korkje arbeidsmiljø, kommuneøkonomi eller statistikk for å slå fast at me har hatt store utfordringar i drifta av legetenesta.

Heilt sidan 2015 har me hatt permanente utlysingar på ledige fastlegeheimlar. Me tilbyr det som har vore rekna som dei mest attraktive løysingane for unge fastlegar med fast tilsetting, kommunalt drifta kontor, høg løn og låg listelengde (750-850 pasientar per liste). Frå og med 1. mai 2023 var løna justert ytterlegare opp, jamvel har det ikkje vore nokre særleg med søkjarar.

Hausten 2023 valde me, inspirert av ei rekkje andre kommunar, å lyse ut stillingar i intervallturnus. Det gav ei rekkje med søkjarar, og plutseleg kunne me velje mellom kva legar me ville ha, i staden for å ta dei legane som vikarbyrået ville gje oss for 3-6 månader. 

Me har no tilsett alle legane me vil tilsette, og frå og med 1. mars 2024 går innbyggarane frå å stå på ei liste som vert dekka av ein vikar, til at dei faktisk får eit namn på fastlegen sin. Sett frå den enkelte pasient er det eit stort pluss, og det er enkelt å presentere intervallturnus som redninga for legesituasjonen i distrikta.

Isolert for Sauda, og for pasientane i Sauda nett no er det kanskje ein suksess, men eg må likevel stille meg spørsmålet; er det blitt fleire legar i Noreg som fylgje av at me nå betalar dyrt for at folk ikkje skal jobbe deler av året? 

Svaret på det er jo diverre eit klart og tydeleg nei. Det me har gjort er at me har tømt andre for kompetanse, og såleis berre lagt problemet over på nokon andre. Faren er stor for at me berre vil ha desse legane fram til nokon andre kjem med ei enda betre ordning. 

Når nokon tilbyr arbeid ei veke i månaden, og enda færre pasientar, så vil me igjen ha utfordringane her.

Difor jobbar me vidare med nye løysingar, og ser på korleis bruk av teknologi kan gjere legetenesta og legevakt meir robust i møte med framtida. 

Eg har tru på at me skal klare å halde hovudet over vatnet ei stund til, men fastlegeordninga er ei statleg ordning. Nett no driv kommunane og legg plaster på eit sår som både treng sying og operasjon. 

Som kommunedirektør må eg sikre innbyggjarane mine eit forsvarleg helsetilbod, men det hadde vore fint om staten gav oss nokre verktøy som gjorde det mogleg å gje det tilbodet innanfor akseptable kostnadsrammer.

Me treng difor at staten kjem på banen og både sikrar at det vert utdanna mange fleire legar, og at det vert innført eit forbod mot utleige av helsepersonell.