Debatt

«Fylkesmannen prøvde å stoppe Austevoll»

Ja, ovenstående er faktisk overskrifta i Kommunal Rapport nr. 33. Eg veit ikkje skikkeleg kva som er meint, men det er så avgjort det som vil skje om Fylkesmannen får det som han (staten) vil.

Om kommunen må kutta i driftsnivået tilsvarande det økonomiske uføret kommunen er brakt opp i, vil nok veksten i Austevoll-samfunnet effektivt stoppa opp.

Det som står i artikkelen er for så vidt rett - isolert sett, men det er ein skræmande mangel på nyansar i det Bjørn Brox har sett på trykk.

Austevoll er ikkje ein fattig kommune. Me har eit næringsliv som skaper verdiar langt utover det som er vanleg i forhold til innbyggjartalet. Desse verdiane blir det skatt av, skatt som i mindre og mindre grad kjem lokalsamfunnet til gode, men som i større og større grad kjem storsamfunnet (les: Austlandet) til gode.

Det går til dekning av milliardoverskridingar i sentrale Austlands-området: T.d. Gardermobanen, Noregs Bank, Lillehammer-OL, Rikshospitalet og oppussing av Slottet. Prosjekt som var kostnadsrekna til rundt 11 milliard kroner, men me ein sluttrekning på 27 milliard kroner, og så har me operaen i vente. Vart det sagt noko om «økonomistyring» i artikkelen i Kommunal Rapport?

Offentleg fattigdom

Men på grunn av at kommunen sin del av dei verdiane som vert skapt, blir mindre og mindre, og reformer, lover og føresegner stadig aukar, og ikkje minst fordi realverdien av dei frie inntektene vert stadig mindre, har me ein offentleg fattigdom i denne rike kommunen.

Austevoll hadde 101,9 millionar kroner i frie inntekter i 1998 og vil få lov å ha 110,4 millionar kroner i 2001. Me ein generell kostnadsvekst på 3 prosent ville realverdien av 101,9 millionar kroner blitt til 114,7 millionar i 2001.

Men som dei fleste innan kommuneverda veit, er 70-80 prosent av kostnadane i kommunane lønskostnader, og som dei fleste også veit, har veksten i lønnene vore høgare enn den generelle kostnadsveksten.

Ein meir reell berekning av utviklinga i realverdien av dei frie inntektene vil såleis vore ein rentefot på minst 5 prosent, som ville gitt ein realverdi i 2001 på 123,9 millionar kroner. Det manglar me andre ord 13,6 millionar kroner på at dei frie inntektene har same verdi i 2001 som dei hadde i 1998 - økonomien har dramatisk forverra seg, utan at kommunestyret har gjort vedtak om å bruka ei einaste krone meir i løpet av dei åra.

«Nye kostnader»

Tar me eit lite utval av dei «nye» kostnadene: Auka arbeidsgjevaravgift 3,1 prosent, konjunkturavgift 1,0, auka pensjon lærarar 1,5 og ein liten del av den uforklarlege auken i skulebudsjettet 2,5, som ikkje har ført til auka elevressursar, så får me ytterlegare auke i «gapet» på 5,6 millionar kroner. Det betyr eit samla inntektstap på 21,6 millionar kroner. Men hadde me «avrekna» år for å, ville me ha funne ut at me var snytt for nøyaktig 39 millionar kroner pluss dei 5,6 millionane.

Korleis går det an å tru at ein realvekst i inntektene til kommunane på 1,75 prosent, sånn som det av og til står i stortingsdokument, kombinert me stadig nye lovpålagte oppgåver, reformer og øyremerka midlar, skal kunne dekka ein faktisk kostnadsutvikling på 5 prosent p.a.? Bortfall av siste rest av selskapsskatten er ein vesentleg del av forklaringa på inntektsutviklinga hos oss.

Av naturstridige grunnar (me er jo eit utkantsamfunn), så veks både folketalet, barnetalet og tal på eldre år for år i ein kommune som teoretisk og statistisk skulle gå andre vegen. Me har eit såpass aktivt næringsliv at talet på arbeidsplassar er større enn talet på arbeidstakarar. Me har lav kriminalitet og ingen arbeidsløyse, men det er visstnok også definert som eit problem?!

Levande menneske

Eit problem som tydelegvis er vanskeleg å forstå, er at verken ein kommuneadministrasjon eller eit kommunestyre kan styra etter teoretiske modellar og gjennomsnittsbetraktningar. Me har å gjera me lys levande menneske og i mange andre tilfelle framleis levande menneske som treng hjelp og omsorg. Desse menneska er utstyrt me tankar og følelsar, og ikkje statistiske mål på undervisnings- og omsorgsbehov.

Det er nok mykje i det Vidar Sandbeck syng om: «Ja, de penga er tel bekymring for fattig og for rik.» Så Austevoll kommunestyre innser at me landet sin vanskelege økonomi, der statskassa fløymer over og oljefondet aukar frå 200 til 400 milliardar kroner på eitt år, så må dei gamle og sjuke ute i Distrikts-Norge atter ein gang ta eit tak for nasjonen! Derfor har me vedteke å påta oss halvdelen av det økonomiske uføret staten si økonomistyring har ført oss opp i, ved å kutta rundt 10 millionar kroner i driftsnivået over ein treårsperiode, og så føreset kommunestyret at staten sluttar å springa frå ansvaret sitt.

Når det står at fylkesmannen kritiserer kommunen for ikkje å operera me reell gjeldsbelastning og viser til lån som Austevoll Bruselskap har, så kan ikkje det vera noko anna enn eit forsøk på å vri embetet unna ansvar. Heile opplegget me forskottering av fylkesvegbruar vart klekka ut i samråd me dåverande fylkesmann i Hordaland!

Ei anna sak er at om kommunen hadde fått høve til å stilla kommunegaranti, ville belastninga på kommuneøkonomien blitt 1/2 million kroner mindre kvart år.

Splitt og hersk

Eg er glad for at det er kommunar som har ein tilfredsstillande økonomisk kvardag. Men eg er redd for at det snart kan bli ein eksklusiv liten klubb. Dette er, mykje godt, eit splitt og hersk spel. Føresetnadene i statsbudsjettet gjer at einskilde kommunar kjem bra frå det, og andre kjem mindre bra frå det. Eg ser at det fører til at nokre Ap-ordførarar går på barrikaden og forsvarer alt i kommuneopplegget. Eg er overtydd om at det er viktig at Kommune-Norge står samla, i det minste ikkje blir motarbeidd av kollega som akkurat no har det greitt nok, men som kanskje er i ein anna situasjon ved neste korsveg.

Etter å ha tilpassa drifta til inntektsnivået på heile 90-talet, og når våre overskridingar i hovudsak dreier seg om nye kostnadskrevjande pålegg, vil god økonomistyring i praksis vera: Å la pleietrengjande eldre og sjuke liggja heime hos seg sjølv for at dei pårørande skal pleia dei, droppa pålagt opplæring i t.d. symjing eller finna andre høvelege føresegner, rettighetslovar eller andre lovar å bryta - det er også Kommune-Norge i år 2000.

Powered by Labrador CMS