Debatt

Skulane må ta mål av seg til å bli lokale og regionale kunnskapssenter som treffer fleire enn ungdom med rett til vidaregåande opplæring, skriv Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik.
Skulane må ta mål av seg til å bli lokale og regionale kunnskapssenter som treffer fleire enn ungdom med rett til vidaregåande opplæring, skriv Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik.

Fylkeskommunen må vise seg vidaregåande verdig

For at fylkeskommunane framleis skal sikre seg ansvaret for vidaregåande, må dei i større grad vise at dei både vil og kan.

Publisert Sist oppdatert

Fylkeskommunen har hatt ansvaret for vidaregåande opplæring dei siste 50 åra. Andre løysingar kan presse seg fram dersom fylkeskommunen ikkje tar forvaltningsansvaret for ein svært sentral del av utdanningssystemet på høgste alvor.

Ein ambisiøs fylkespolitikar har ikkje utdanning som førsteval når han skal velje politikkområde.

Ansvaret inneber mellom anna drift og dimensjonering av dei vidaregåande skulane. Etter at sjukehusa vart gjorde til eigne føretak, er vidaregåande den desidert største sektoren.

Vi skal ikkje skjere alle fylkeskommunar over same kam. Det er variasjonar i satsinga på vidaregåande. Men det som er sikkert, er at kampen om budsjettkronene er knallhard.

Enkelte, særleg store byar, har tatt til orde for at vidaregåande skule bør overførast til primærkommunane, etter modell frå Oslo. Fleire parti har i lang tid ivra for å avvikle fylkeskommunen.

Mellomløysinga med større fylke har gått i stå. Truleg vil ideen om to forvaltningsnivå bli plukka fram igjen. Resultatet kan bli at det heilt eller delvis er primærkommunane som får ansvaret for vidaregåande opplæring.

Dette vil i så fall bli ei svært dårleg løysing. Heile skuleløpet vil bli svekka. I direktekonkurranse med grunnskulen om budsjettmidlane er det stor fare for at vidaregåande blir taparen. Aller mest vil det ramme yrkesfaga, som er avhengig av kostbart utstyr.

For at fylkeskommunane framleis skal sikre seg ansvaret for vidaregåande, må dei i større grad vise at dei både vil og kan. Av og til kan det sjå ut som det skortar på viljen. Ein ambisiøs fylkespolitikar har ikkje utdanning som førsteval når han skal velje politikkområde. Det ser ut til å vere meir interessant og «karrierefremjande» å stelle med vegstubbar og ferjestrekningar enn å gi ungdomen i fylket god utdanning. Dette held ikkje i lengda.

Fylkeskommunen må vise seg som ein tyngre utdanningspolitisk aktør. No blir dette forvaltningsnivået i for stor grad prega av KS sin grunnskulepolitikk. Primærkommunane er viktige KS-aktørar. Det er ikkje fylkeskommunane.

I Møre og Romsdal var det på 1970- og 80-talet over 40 vidaregåande skular. No ser det ut til at ein går motsett veg av kva fylkespolitikarane gjorde den gongen. Dei fleste mindre skular er borte, og mange av det som var mellomstore skular, er truga av nedlegging. Talet på skular er under det halve av kva det var i glansdagane, og nedleggings-/samanslåingsprosessen er ikkje avslutta.

Det som var ein føremon – ein desentralisert skulestruktur – er det ikkje lenger, med store konsekvensar for dei unge. Dette er trenden i mange fylkeskommunar.

Det er fylkeskommunen sitt ansvar å dimensjonere og strukturere utdanningstilbodet på ein måte som både sikrar eit breitt tilbod til elevane, utan altfor lang reiseveg, og som samtidig gir attraktive og sterke fagmiljø. Dette må styrast og ikkje overlatast til sentraliserande tyngdelover aleine. Primæroppgåva til vidaregåande opplæring er å gi ungdomen eit godt utdanningstilbod. Dette må aldri tapast av syne.

Men fylkeskommunen må også ta på seg eit større og heilskapleg ansvar for ein regional kompetansepolitikk og for livslang læring. Dette er idear og tiltak som har vore framme i debatten sida 1980-talet. Det er på tide å hente dei fram igjen. To offentlege utgreiingar frå dei siste åra tek til orde for det same (NOU 2019:25, Lied-utvalet, og NOU 2020:15, Normann-utvalet).

Dei vidaregåande skulane forvaltar både yrkesretta og studieførebuande oppgåver. Dei har også trening i samarbeid med lokalt næringsliv og i nokon grad med høgare utdanning. Trass i sentralisering er dei vidaregåande skulane framleis desentraliserte institusjonar, spreidde over heile landet.

Skulane har derfor gode føresetnader for å utvide arbeidsfeltet sitt. Men då må det satsast langt tyngre enn i dag. Skulane må ta mål av seg til å bli lokale og regionale kunnskapssenter som treffer fleire enn ungdom med rett til vidaregåande opplæring. Sjølvsagt må rammevilkåra leggast til rette for ei slik satsing. Det er både eit nasjonalt og eit fylkeskommunalt ansvar.

For styresmaktene er det ikkje nødvendig å famle etter nye strukturar eller nye organisasjonsformer for å sette ei kompetansereform ut i livet. Grunnstrukturen er der allereie gjennom vidaregåande skular.

Ei slik satsing vil også gjere skulane til meir interessante arbeidsplassar, og dermed trekke til seg betre kvalifiserte lærarar. Kanskje kan den også vere med å bremse sentraliseringa. Godt handtert, vil det også kunne tene primærgruppa – ungdom med utdanningsrett.

Kanskje kan ei slik vellykka satsing dempe førestillingane om at primærkommunane er betre i stand til å forvalte den vidaregåande skulen.

Powered by Labrador CMS