Det er nok klokt, som kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har varsla, å avklare ambisjonane for distriktspolitikken, skriv Tommy Aarethun.

Det er nok klokt, som kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har varsla, å avklare ambisjonane for distriktspolitikken, skriv Tommy Aarethun.

Foto: Terje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Debatten om regionane manglar innhald

Debatten om regionane i Noreg handlar no i stor grad om splitting av fylke. Vi bør heller snakke meir om innhaldet i regionane, og kva rolle dei skal ha i samfunnet.

Etter mitt syn er det store ankepunktet mot regionreforma at ein fokuserte for lite på oppgåver og innhald, og for mykje på kvar grensene skulle gå.

Kanskje ligg nokre av dei gode løysingane der allereie, i ei skuff i departementet?

Hadde ein begynt med ein større debatt om innhaldet, trur eg ein hadde hatt større sjanse til å lukkast med det ein ønska å få til. Derfor bør det finnast eit rom for denne regjeringa til «å sparke liv» i ein større debatt om innhaldet i regionane, og om kva oppgåver fylke og kommunar skal ha. Det bør kunne verta eit godt bidrag til målet om å ta heile landet i bruk i større grad.

Debatten om kva som skal skje med dei fylka som vart slegne saman, rasar i desse dagar vidare. Det heng tett saman med dei forventningane som blei skapt i valkampen av dei partia som no sit i regjeringskontora.

Særskilt er debatten stor kring fylket Viken, men også andre stader er det temperatur i denne debatten. Til dømes skal det i februar gjennomførast ei rådgivande folkerøysting i Innlandet, der ein skal røyste over om ein ønsker å behalde Innlandet eller å gå tilbake til Hedmark og Oppland.

Eg meiner det er bra at debatten kring Vestland fylke no ser ut til å i stort vera lagt død, og at ein her heller har valt å rette fokus mot korleis ein kan styrke fylket og regionen. Sjølv om det alltid vil vera litt innkøyringstid for ei ny eining, meiner eg ein vil komme styrka ut av dette på sikt. Det ser ein alt no konturane av.

Den politiske og administrative kapasiteten i fylkeskommunane bør derfor framover heller nyttast på å løysa krevjande oppgåver, og å utløyse potensialet ein mellom anna ser som ein del av det grøne skiftet. Det finst nok av begge deler.

Framover treng vi ein revitalisert debatt om kva rolle regionane skal ha i det norske samfunnet. Skal regionane styrkast eller skal dei svekkast?

Ein slik debatt må handle om oppgåver, om maktforholdet mellom dei ulike forvaltningsnivåa i samfunnet og om økonomisk handlingsrom – og mindre om kvar grensene går. Fyrst då vil vi få ein debatt kring dett som verkeleg kan føre til substansielle endringar.

Noko av det fyrste som skjedde i 2022, var varslinga av oppstart av arbeidet med ei ny distriktsmelding. I denne skal regjeringa ifølgje kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram «avklare hvordan vi skal gjøre disse ambisjonene om til praktisk politikk».

Det er nok klokt, all den tid det er skapt store forventningar på dette området frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet dei seinare åra. Alt i 2023 vil den sittande regjeringa verte målt på dette punktet, i kommunestyre- og fylkestingsvalet, og det hastar slik sett med å komme i gong med å levere konkrete ting på dette politikkfeltet.

I løpet av 2020 kom det to rapportar frå to ulike utval. Det eine var leia av Svein Richard Brandtzæg og såg på næringslivet si rolle for å nå distriktspolitiske mål. Det andre var leia av Victor Norman og såg på demografiutfordringar i distrikta. Begge dei to hadde ei rekke spanande framlegg og element som burde ha blitt drøfta meir politisk.

Etter litt merksemd kring framlegginga har det derimot vore ganske stille. Mistenkeleg stille. Så stille at det er grunn til å stille spørsmål kring kvifor det er slik? Begge utvala er derimot nemnt i Hurdalsplattformen til regjeringa, og ein kan derfor ha von om at deira arbeid får ny interesse som ein del av arbeidet med ei ny distriktsmelding.

For kanskje ligg nokre av dei gode løysingane der allereie, i ei skuff i departementet?