Ordførar Ola Teigen (Ap) er i Trondheim for å lokke til seg arbeidskraft til den nye kommunen, Kinn. Foto: Privat
Ordførar Ola Teigen (Ap) er i Trondheim for å lokke til seg arbeidskraft til den nye kommunen, Kinn. Foto: Privat
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Prøver å rekruttere via Facebook

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn går nye vegar for å lokke til seg rett arbeidskraft til kommunen. Tre tips om aktuelle kandidatar, 15 studentar til middag og ei aha-oppleving er resultatet så langt.

«Kinn kommune treng 2 arealplanleggarar og ein arkitekt. Kjenner du nokon som studerer her, så send dei til meg. Er du ein god kandidat, så spanderer eg middag på deg i kveld.»

Dette var ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn si oppdatering på Facebook i går direkte frå ei rekrutteringsmesse på NTNU i Trondheim.