Debatt
Det var ein gong to froskar
«No druknar vi», skreik den eine frosken. «Ta det med ro. Kjem tid kjem råd», sa den andre. «Nei, nei, vi druknar», sa den eine igjen. Og så drukna han. Moralen? Det som vi trur kan skje, kan kome til å skje fordi vi trur det.
Det var ein gong to froskar som hoppa så glad omkring. Dette var på den tida då det på gårdane kunne stå eit spann med fløyte på tunet. Glade og uvørne som desse to froskane var, så slumpa dei til å hoppe ekstra høgt og landa pladask i fløytespannet. «No druknar vi», skreik den eine frosken. «Ta det med ro. Kjem tid kjem råd», sa den andre. «Nei, nei, vi druknar», sa den eine igjen. Og så drukna han.
Den andre frosken sumde rundt i fløytespannet, piska i fløyten med føtene sine og etter kvart gjekk det slik som vi veit det skjer med fløyte som blir piska. Det vart til krem og til smør, og då var det lett for frosken å hoppe ut av spannet, og slik berga frosken det dyrebare livet sitt.
Kraft kan utrette miraklar
Moralen? Det som vi trur kan skje, kan kome til å skje fordi vi trur det. Våre forventningar kan kome til å bli ein sjøloppfyllande profeti. På den andre sida kan våre visjonar, våre draumar for framtida, bli ei kraft som får oss til å utrette mirakel. I den bygda der eg bur, er det eit fjell som kastar seg stupbratt ned i havet. Nepelen heiter fjellet, og det er så bratt at det på folkemunne heiter at det ikkje er råd å gå rundt fjellet i havkanten. Det blir fortalt at ein gong forliste ein mann på Ranfjorden og han berga livet fordi han gjekk rundt fjellet. Fordi han ikkje visste at det var umogleg.
«La ikkje mismodet si grå lus få vandre i ditt hus. La gleda si loppe hoppe!», lærte ei gamal venninne meg. «Leit etter løysingar og lyspunkt, sjå etter vegar og val», sa ho.
No kan dette vere vanskeleg fordi vi ofte blir påverka til det motsette, til å sjå feila og manglane, til å fokusere på problema og vanskane. Heldigvis er det ikkje berre i eventyra et det finnst menneske med stort mot og tru på det «umoglege». Det finnst til og med ordførarar av det slaget. Ordførar Johan Svartis frå Rødøy kommune i Nordland er ein av dei. På ein konferanse om den fådelte skolen nyleg, kunne han fortelle at i Rødøy kommune med knapt 1.600 menneske, har dei ti skolar, alle fådelte. Skolebudsjettet åleine stikk av med over 30 prosent av kommunen sitt budsjett på om lag 80 millionar kroner. «Vi prioriterer ungane», seier ordførar Svartis. «Det er ungane som er framtida. Vi kan ikkje vedta kor folk skal bo. Men vi kan vedta kor dei ikkje skal bo», sa den nøkterne og visjonære ordføraren.
Det sat fleire ordførarar i salen og høyrde vantru på det Svartis sa. Ordførarar som i sine kommunestyre hadde sagt: «No druknar vi!» Og så la dei ned endå ei lita grendeskole som bygdefolket kjempa for å ta vare på.
Barnekonvensjonen
Barneombod Trond Waage leitar etter løysingar for å ivareta ungane sine interesser når sparekniven rasar over kommunebudsjetta i dei mange små kommunane rundt om i landet. Han har skrive brev til statsråd Trond Giske på vegne av fortvilte foreldre og barn som opplever at grendeskolen blir lagt ned. Vi har fire utfordringar, seier Barneombodet. Vi må unngå at barna får redusert si fritid ved å bruke urimeleg lang tid på skoleskyss. Vi må sikre at barna ikkje blir utsett for fare gjennom den pålagte skoleskyssen. Vi må gje foreldra høve til å planlegge over sine liv ved at det ikkje blir vedteke skolenedlegging over natta. Det må innførast ei fredingstid på fem år etter eit eventuelt nedleggingsvedtak slik at foreldra får ein planleggingshorisont for sine liv.
Og til sist slår Barneombodet til med den største av alle visjonar, FN sin barnekonvensjon. Som pålegg staten at barnet sitt beste skal kome først i alle avgjerder som gjeld barn. «I innsparingstider og kommunane nedskjeringer, skal barn ha en positiv særbehandling som konvensjonen for barns rettigheter forplikter oss til», seier Barneombodet i sitt brev til statsråd Giske.
Set barna først
Herved gir eg oppmuntringsprisen til ordførar Johan Svartis og barneombod Trond Waage. Fordi dei set barna sine interesser først og leitar etter moglegheiter.
Prisen er Piet Hein sitt vers «Troen og Håpet»:
«Pessimisterne er dog
de reneste tåber -
de tror på det modsatte af,
hvad de håber.
Nei, de optimister,
som livet beror på,
er dem, som tør håbe på noget,
de tror på.»