Tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskular blir også gitt vekt i kåringa av Årets nynorskkommune.

Tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskular blir også gitt vekt i kåringa av Årets nynorskkommune.

Foto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Aukar summen og minskar talet på kåringar

Det blir meir pengar til den som blir kåra til Årets nynorskkommune i år og annakvart år framover.

Prisen til Årets nynorskkommune 2022 er i år på 200.000 kroner. Den går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på nynorsk skriftspråk.

Tidlegare har prisen vore på 100.000 kroner. Men frå og med i år blir prisen berre delt ut annakvart år.

Skal saumfare planar

For å finne ein verdig vinnar, skal juryen i år saumfare nynorske planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid. Den skal prioritere kommunar som har retningsliner for nynorskbruk og opplæringstilbod for tilsette og som har tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet.

Tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskular blir også gitt vekt.

Kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krav i den nye språklova vert også sett positivt på.

– I år ønsker vi å premiere ein kommune eller fylkeskommune som har sett språklova ut i praksis, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes som leiar juryarbeidet.

Frist i november

I fjor var det Ål kommune som blei kåra til beste nynorskkommune. Året før vart Voss best i nynorskklassen.

I tillegg til Språkrådet sit det representantar frå Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS i juryen.

Fristen for å nominere er 20. september.