Den nye språklova som vart gjeldande frå 1. januar fastslår at nynorsk og bokmål er likeverdige skriftspråk. Bergen sin språkpolitiske plan, som no er på høyring, følger blant anna opp det særskilde ansvaret kommunen har for å fremje nynorsk i kommunen.

Illustrasjon: Terje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Bergen følger opp den nye språklova

Med ein eigen språkpolitisk plan ønsker Bergen å gjere seg betre forstått. Planen føreslår blant anna språkkurs for kommunetilsette og språkkrav til leverandørar.

– I eit sunt demokrati må språket til styresmaktene vera forståeleg og tilgjengeleg for alle i samfunnet. Klart språk inkluderer, det styrker demokratiet fordi fleire forstår og derfor får høve til å delta, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Bergen kommune har utarbeidd eit utkast til språkpolitisk plan som har vore på høyring fram til 1. april. Med planen ønsker Bergen å følge opp krava i den nye språklova som tok til å gjelde 1. januar.