Debatt
Samarbeidets veg for eldreomsorga
Private og ideelle aktørar kan ikkje løyse eldrebølgja. Men dei kan bidra med fagmiljø, teknologi, logistikk og produksjonskapasitet.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Vi blir fleire eldre. Mange skal leve lenger, med fleire gode år, men også med større behov for hjelp, pleie, mat, tryggleik og nærvær. Det er eit gode at menneske får leve lenge. Men det er også ei samfunnsoppgåve som krev meir av oss enn varme ord om verdigheit.
Riksrevisjonen har i si undersøking av kommunale helse- og omsorgstenester til eldre set ord på noko mange kommunar alt kjenner: Tenestene er ikkje godt nok dimensjonerte for det som kjem. Mange kommunar planlegg ikkje systematisk for framtida. Dei manglar oversikt over behov, kapasitet, kvalitet og kompetanse.
Samstundes viser ei anna undersøking frå Riksrevisjonen, om samhandling om eldre, at sjukehusa vil bli overbelasta dersom fleire tenester ikkje blir utførte på lågast mogleg omsorgsnivå.
Poenget er om den eldre får trygg mat, gode rom, stabile leveransar og verdig omsorg.
PwC si kartlegging av matomsorga i norske kommunar gjer dette konkret; korleis står det til med måltidstenester i eldreomsorga? Rapporten viser at mange kommunar manglar oversikt over den samla kostnaden. Fleire har ikkje gode nok planar for framtidig produksjonsbehov. Over ein tredel manglar beredskapsplanar. Mange peikar på rekruttering av matfagleg personell som ei stor utfordring.
Mat til eldre er ikkje ein bagatell. Det er dagens høgdepunkt, helse, ernæring, livskvalitet, tryggleik og beredskap. Det er kjølekjeder, innkjøp, produksjon, diettar, dokumentasjon, transport og evne til å halde tenesta oppe når noko skjer.
Dette handlar derfor ikkje berre om helsepersonell. Det handlar om kvardagsmaskinen som må verke dersom eldre skal få gode tenester der dei bur: mat som kjem fram, reinhald som førebyggjer smitte, bygg som fungerer, logistikk som held, og fagfolk som får bruke kompetansen sin rett.
Manglande oversikt er ikkje skuld, men grunnlag for endring.
Kommunane kan ikkje møte eldrebølgja ved å gjere meir av alt på same måte som før. Dei må bruke knapp arbeidskraft klokare, redusere kompleksitet, byggje robuste forsyningskjeder og vite kva tenestene kostar og toler. Det offentlege ansvaret ligg fast. Kommunen skal definere behovet, stille krava, følgje opp kvaliteten og sikre forsvarlege tenester. Men ansvaret inneber ikkje at kommunen alltid må gjere eller produsere alt sjølv.
Private og ideelle aktørar kan ikkje løyse eldrebølgja. Men dei kan bidra med fagmiljø, teknologi, logistikk og produksjonskapasitet som kvar kommune vanskeleg kan bere aleine. Dette er profesjonalisering av tenestekjedene rundt omsorga.
Då må vi snakke ærleg om offentlege anskaffingar. Det held ikkje med innkjøp der lågaste pris blir den sterkaste drivaren. Det må vere beinhard konkurranse om oppdraga, men konkurransen må handle om kvalitet, ernæring, kompetanse, forsyningstryggleik, arbeidslivsstandardar, dokumentasjon, innovasjon og evne til samarbeid.
Når kontrakten er inngått, må kommune og leverandør arbeide tett saman om eitt mål: betre tenester for bebuarar, pasientar og heimebuande eldre. Konkurransen skal vere skarp før valet blir gjort. Samarbeidet må vere sterkt etterpå.
Vegen vidare er samarbeidets veg. Nokre stader er eigenregi rett. Andre stader er interkommunalt samarbeid klokast. Andre stader kan private leverandørar gje betre kapasitet og lågare risiko. Poenget er ikkje kven som eig kjøkkenet, bilen eller produksjonslokalet. Poenget er om den eldre får trygg mat, gode rom, stabile leveransar og verdig omsorg.
Fellesskapet treng fleire krefter for å bere ansvaret.