Debatt

Stortingsmeldinga om distriktspolitikk melder ikkje om vesentlege endringar i desse verkemidla. Langt mindre melder dei om større satsing, skriv Håvard Teigen.
Stortingsmeldinga om distriktspolitikk melder ikkje om vesentlege endringar i desse verkemidla. Langt mindre melder dei om større satsing, skriv Håvard Teigen.

Distriktspolitisk satsing – eller handlingslamming?

Meldinga om distriktspolitikken viser at regjeringa ikkje har førebudd seg på ein alternativ politikk.

Publisert Sist oppdatert

Ap/Sp-regjeringa har endeleg komme med stortingsmelding om distriktspolitikken. Kritikken mot distriktspolitikken til Solberg-regjeringane var dynamitten som skaut oppslutninga om Sp til vers og gav dei eit historisk godt val.

At meldinga er taus om kommunale næringsfond, er oppsiktsvekkande frå ein Sp-statsråd.

Det er grunn til vente store politiske grep etter regjeringsskiftet. Så derfor: Kva finn vi i meldinga med tittelen «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida»?

Den store striden i distriktspolitikkens ungdom på 1970-talet, var om politikken skulle ha ei busettingsmålsetting. Det var brei politisk semje om ikkje å ha eit slikt mål, heilt til EF-striden spissa diskusjonen til.

Etter folkerøystinga vart det etter kvart like stor semje om å ha ei slik målsetting. Senterpartiet gjekk lengst, og ville knyte målsettinga til å halde oppe busettinga på kommunenivå.

I denne meldinga slår Ap/Sp-regjeringa til med følgjande formulering (s. 6): « … at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa vil arbeide for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur

Er Sp tilbake der dei var på tidleg 70-tal, og har dei verkeleg fått med seg Ap på dette?

Dersom formuleringa betyr at folketalet skal auke i alle distriktskommunar, er det langt meir offensivt enn tilsvarande målsetting på 1970-talet. Den gongen var det fødselsoverskot i distrikta, og folketalet kunne vekse sjølv om det var fråflytting. Nå er netto tilflytting naudsynt.

Betyr målsettinga å få vekst i dei kommunane som verkeleg slit, dei ytste utkantane (sentralitet 5 og 6), må det sterke verkemiddel til.

Distriktspolitiske verkemiddel er differensiert etter graden av distriktsproblem. Det er dette som har vore kalla den eksplisitte (eller smale) distriktspolitikken, og som desse stortingsmeldingane først og fremst har handla om.

Det største av desse verkemidla, arbeidsgivaravgifta, er eit godt døme. Ho er gradert slik at tiltakssona i Nord-Norge har 0 avgift, distrikt i resten av landet redusert avgift og vekstregionar full avgift.

To andre verkemiddel har vore differensiert på same måte: Investerings- og bedriftsutviklingstilskotet og kommunale næringsfond.

Meldinga melder ikkje om vesentlege endringar i desse verkemidla. Langt mindre melder dei om større satsing.

Vi har heller ikkje sett opptrapping i dei to statsbudsjetta regjeringa så langt har lagt fram. Dette trass i at Solberg-regjeringane meir eller mindre avvikla både investeringstilskotet og kommunale næringsfond.

Dette er høgst merkeleg, ja, oppsiktsvekkande – sett frå distrikta si side.

At meldinga er taus om kommunale næringsfond, er oppsiktsvekkande frå ein Sp-statsråd. Denne manglande satsinga står også i sterk kontrast til den førre raudgrøne regjeringa. Det første dei gjorde, var å auke satsinga på investeringstilskot og kommunale næringsfond sterkt.

Meldinga byggjer på to NOU-ar nedsett av Solberg. Båe peikar på det same: Det er ikkje eit generelt problem med arbeidsløyse og undersysselsetting i distrikta lenger.

Hovudproblemet er at næringsdrivande ikkje tør å investere i næringsbygg, og private tør ikkje å bygge seg bustad. Dette fordi andrehandsverdien er så låg at dei har tapt millionar når nøkkelen blir sett i døra.

Altså er det ikkje verkemiddel for å gjere arbeidskrafta billigare i distrikta som er viktigaste verkemiddelet i distriktspolitikken. Dersom det må omprioriterast innanfor distriktspolitikken, er det altså sterke argument for å spare inn nokre milliardar på differensiert arbeidsgivaravgift, og flytte det over på investeringstilskot for å få ned lånegjeld.

Behovet i distrikta er å få lånegjelda ned. Einaste tiltaket regjeringa foreslår er auka lånerammer – for å få gjelda opp!

Meldinga gir samla sett melding om ei regjering som ikkje har førebudd seg på ein alternativ politikk, trass den sterke kritikken av Solberg-regjeringa.

I tillegg er meldinga ei melding om handlingslamming. Dei var ikkje førebudde før dei kom inn i regjeringa, og ein kan lure på kva dei har gjort dei to åra etterpå. Det gjeld t.d. forslaget om regionvekstavtaler, der dei i beste fall vil ha eit prøveprosjekt i gang før neste stortingsval.

Eit anna stort døme er offentlege arbeidsplassar. Koronaen viste oss at mange statlege og fylkeskommunale arbeidsoppgåver kan utførast på nett frå fjell- og fjordbygder. Dette kunne bidra til å løyse det reelle arbeidsplassproblemet i Bygde-Noreg: kompetansearbeidsplassar.

Fire år etter koronautbrotet og etter to år i regjering, står det i denne meldinga: «Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som vert lyste ut med høve til desentralisert arbeid

Den veike viljen blir i kapittel etter kapittel dokumentert med formuleringar som at regjeringa vil «medverke til», «legge til rette for», «ha samspel med utviklingsaktørar» osv.

Stortinget har ein stor jobb å gjere når meldinga kjem dit i haust.

Powered by Labrador CMS