Nyheter

Sju kommunar i Sogn og Fjordane ser mot Hordaland eller Møre og Romsdal når dei diskuterer samanslåing.
Sju kommunar i Sogn og Fjordane ser mot Hordaland eller Møre og Romsdal når dei diskuterer samanslåing.

Fryktar fylket kan rivast i bitar

Sogn og Fjordane kan rivast i bitar av kommunereforma, trur KrF-ordførar. Sju av kommunane samtalar med kommunar i andre fylke om samanslåing.

Publisert Sist oppdatert

– Om alle desse samanslåingane vert ein realitet, er ikkje fylket liv laga, seier ordførar i Selje Stein Robert Osland (KrF) til Bergens Tidende.

Selje har ein intensjonsavtale med Vågsøy og Vanylven – og den kommunen ligg i Møre og Romsdal.

Stryn, Hornindal, Aurland, Vik og Gulen er dei andre kommunane som ser over fylkesgrensa for å finne kommunar dei kanskje vil slå seg saman med.

Stryn og Hornindal er moglege partnarar med Ørsta og Volda. I så tilfelle skiftar kommunane òg helseføretak. Fleire statlege regiongrenser går mellom nettopp Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i dag.

Som Kommunal Rapport fortalde sist veke, er det 135 kommunar som til no arbeider konkret for å slå seg saman med andre.

Powered by Labrador CMS