Nyheter

Bryne skal vere kommunesenter i den nye Jæren kommune. Arkivfoto: Hung Ngo
Bryne skal vere kommunesenter i den nye Jæren kommune. Arkivfoto: Hung Ngo

Første ja til Jæren på tysdag

Eit nær samrøystes kommunestyre i Time seier tysdag ja til nye Jæren kommune.

Publisert Sist oppdatert

25. april skal det vere folkerøysting i Klepp, Time og Hå om å slå seg saman til Jæren kommune, etter at ein intensjonsavtale vart lagt fram sist veke.

I morgon, tysdag, er det første kommunestyremøte som skal handsame avtalen. Det skjer i Time. Ifølgje Jærbladet er det eit stor fleirtal for å seie ja til avtalen. Høgre, Ap, Frp, KrF og Venstre går samla inn for samanslåing, medan Sp seier nei. SV og Dei Grøne har ikkje gjort opp nokon meining enno.

Neste veke skal politikarane i Klepp sei si meining om avtalen, medan kommunestyret i Hå samlast siste veka i februar.

– I programmet vårt står det at me er for ein meir robust kommunestruktur, men nemner ikkje konkret Jæren kommune. Derfor har me stilt alle frie. I og med at saka kjem opp i kommunestyret i morgon, synest me det er greitt med ei slik avklaring, seier gruppeleiar i Høgre Staale Grude Haaland, til avisa.

Dei tre kommunane er frå før like store når det gjeld folketal og har til saman 56.000 innbyggjarar. Ifølgje intensjonsavtalen skal Bryne i Time kommune vere nytt kommunesenter. Jæren kommune skal etter planen starte opp 1. januar 2019, noko som er eitt år før tidsplanen til Kommunaldepartementet. 

Powered by Labrador CMS