Debatt
Grendaskulen - kva fører nedlegging til?
Ope brev til kommunal- og regionalministeren.
Det var 20 skular rundt i grendene i det tilnærma veglause Austevoll i 1959 med kommuneøkonomien i ruinar. Som ein konsekvens av dårleg økonomi og bygging av vegar, vart den eine skulen etter den andre lagt ned. Dette vart slutten for den faste busetnaden i mange av grendene, medan andre har hatt bustadbygging, etablering av næringsverksemd og aukande folketal.
Det er vel dei færraste som vil hevda at undervisningstilbodet, det pedagogiske tilbodet, som det heiter, vart dårlegare ved at elevane måtte gå på ein større skule. Ikkje dermed sagt at det vart betre heller. Småskulane har sine fordeler og dei har sine mindre heldige sider - om ikkje akkurat på same måte, så likevel som tilfellet også er ved dei større skulane.
Men utan unntak er bygdene som mista skulen, blitt fattigare lokalsamfunn. Etter at banken, butikken og posten forsvann, var skulen den einaste møteplassen og eit kulturelt og sosialt samlingspunkt i bygda. I Austevoll er 13 av dei 20 skulane frå 1959 borte.
I den lokale debatten i samband med ein trussel om å mista skulen, blir det brukt mange argument - og alle er utan tvil ekte og ærleg meint. Men kva er det som eigentleg er rett, og går det an å bøta på skadene?
Som sagt fører nedlegging av grendaskulen til ei fattigare grend. Skulehuset som har fungert som eit kulturhus, blir enten seld, eller det blir opp til grenda å halda det ved like. I dei fleste tilfella blir det nok snakk om sal eller huset forfell.
Eg tillet meg å be statsråden sjå nærare på denne spesielle rolla som skulen har hatt dei siste hundre år rundt i grendene. Det synes som om den utviklinga me har hatt dei siste ti åra vil halda fram. Auka krav til effektiv og rasjonell drift av undervisningssektoren, på same måte som til andre sektorar i kommunen, synes å vera ein realitet, og det blir ein god del køyring med buss for mange seksåringar.
Eg tillet meg å meina at det bør vera ei statleg oppgåve å gje noko tilbake til desse grendene. Spørsmålet er kva det er som kan bøta på den skade som vert gjort, ved at skulen vart borte.
Eg tillet meg vidare å forslå at det vert gjennomført eit forskingsprosjekt i utvalde kommunar som har måtta vedta nedlegging av grendaskular - Austevoll vil gjerne ta del i eit sånt prosjekt. Målet må vera å finna fram til effektive trivselstiltak som kan gjera grenda interessant å bli buande i og attraktiv for nye å slå seg ned i.
Men - vilkåret må vera at det ligg føre ein klar føresetnad om midlar til å setja i verk prioriterte tiltak. I eit sånt tilfelle vil også eg - ein ihuga motstandar av øyremerking, kunna godta det.
Me har enkelt og greitt ikkje råd til å la livskraftige grender bli liggjande aude. Når storsamfunnet tar, må også storsamfunnet vera villig til å gje noko tilbake.
Eg ser fram til at statsråden og departementet ser positivt på dette forslaget.