Sandnes har gjort fleire grep som har bidrege til å skape eit attraktivt sentrum som er identitetsskapande og drivande for byens utvikling, meiner juryen for årets Attraktiv by-pris. Sandnes rådhus sto ferdig midt i smørøyet i 2018.

Sandnes har gjort fleire grep som har bidrege til å skape eit attraktivt sentrum som er identitetsskapande og drivande for byens utvikling, meiner juryen for årets Attraktiv by-pris. Sandnes rådhus sto ferdig midt i smørøyet i 2018.

Foto: Terje Lien

Sandnes er mest attraktiv i år

Fenomenalt arbeid med sentrumsutvikling og tydeleg satsing på barn og unge er stikkord for kvifor Sandnes får årets Attraktiv by-pris.

Juryen valde i april ut Harstad, Bryne og Sandnes som finalistar til Attraktiv by-prisen 2022. Vinnaren av dei tre blei Sandnes.

«Sandnes får Attraktiv by-prisen 2022 for eit fenomenalt arbeid med å utvikle sentrum gjennom mange år; gode lokaliseringar i sentrum, ei tydeleg satsing på barn og unge, og eit byrom som kanskje er det mest vellykka offentlege byrommet juryen i Attraktiv by har sett», skriv juryen.

– Jeg er utrolig glad og stolt over at Sandnes nå kan smykke seg med den gjeve tittelen som Norges mest attraktive by, sier ordfører Stanley Wirak.

Kommunedirektør Bodil Sivertsen mener langsiktigheten i byutviklingen har vært en medvirkende årsak til at Sandnes gikk til topps.

– Dette var stas! Vi har hatt gode planer, og vi har vært tålmodige. Prisen er en anerkjennelse av at vi har gjort mye riktig, og gir oss en solid vitamininnsprøytning i arbeidet med å utvikle sentrum videre, sier kommunedirektør Bodil Sivertsen.

– Sandnes har imponert juryen gjennom langsiktig og kunnskapsbasert utvikling av sentrum, som no visar gode resultat. Nye funksjonar samlokalisert i sentrum, kultursatsingar, nye bydelar i nedlagte hamneareal og Ruten - eit av Noregs beste nye byrom, viser at Sandnes lykkast med sitt byutviklingsarbeid, seier Alexandria Algard, juryleiar for Attraktiv by-prisen.

Juryen skriv i sin grunngjeving at industri- og stasjonsbyen Sandnes rulla inn i oljealderen med stor befolkningsvekst gjennom mange år. Utviklinga av kommunens buområde var i stor grad bilbasert og førte til byspreiing, medan utviklinga av sentrum stagnerte. Gjennom dei seinare åra har Sandnes gjort fleire grep som har bidrege til å snu utviklinga og skape eit attraktivt sentrum som er identitetsskapande og drivande for byens utvikling.

– Sandes har gjort ein god jobb med å skape eit levande og attraktivt sentrum. Dei to andre finalistane Harstad og Bryne fortener også ros. Eg gler meg til å dele ut prisen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.