Nyheter
Steinbruene på Den Trondhjemske Postvei
Motivet på Fjaler sitt kommunevåpen er to kvelvingsbruer i sølv på raud botn.
Kommunevåpenet for Fjaler vart godkjent i 1991. Ideen skriv seg frå dei gamle steinbruene på Den Trondhjemske Postvei, som går gjennom kommunen. Kommunevåpenet er teikna av Inge Rotevatn.
Fjaler har ein visjon om eit ope samfunn. Bruene kan symbolisere kulturutvikling og kommunikasjon mellom land og folk.
I Fjaler finn vi Noregs einaste UWC (United World College), der 200 ungdommar frå heile verda går på vidaregåande skule, uavhengig av foreldra si betalingsevne. Denne skulen set naturleg nok sitt preg på den vesle kommunen.
I 1974 vedtok Stortinget at det skulle byggast bru over Dalsfjorden – ei bru som kunne binde saman kommunane Fjaler og Askvoll. Etter 37 år med bruduljer om bygging av brua, kan ein i desse dagar sjå brutårnet reise seg. Og Fjalers kommunevåpen kan få endå ei tyding: Kulturutvikling og kommunikasjon mellom kommunar, uavhengig av ferjer og dårleg vær.