Nyheter
Sølv på blå botn
Tre oppoverbøygde bjelkar i sølv på blå botn er motivet på Austrheims kommunevåpen.
Våpenet vart godkjent i 1989 og er teikna av Svein Skauge etter skisse frå dåverande ordførar Knut Risnes. Motivet symboliserer bruer over blått hav og under blå himmel.
13 større og mindre bruer bind den øyrike kommunen saman, både med seg sjøl og med fastlandet. Den 14. brua bind saman Austrheim med nabokommunen Radøy.
I kommunen er det over 30 steinalderbuplassar, nokre av dei er mellom dei eldste i landet. Buplassane er store og vitnar om rik tilgang på fisk og vilt. Men i dag er det oljeraffineriet på Mongstad i nabokommunen som sysselset nordhordalendingane.
Dei siste fem åra er talet på nyetableringar i Austrheim og Lindås halvert. Dette uroar næringssjef Hogne Haugsdal.
– Når det er lett å få seg jobb, er ein ikkje tvungen til å skape eigne arbeidsplassar, sa han til NRK i februar.