Nyheter
Redaktør kan bli ordførar
Hans Kristian Amundsen kan gå frå redaktørstolen til ordførarkjedet neste haust.
Redaktøren av avisa Nordlys har markert seg som ein svært aktiv debattant i samfunnet, og var ein av dei sterkaste stemmene for mellom anna å få OL til Tromsø. Han er ein tydeleg forsvarar av sosialdemokratiet.
No vert Amundsen nemnt som ein mogleg ordførar i byen, i staden for Arild Hausberg.
– Eg har høyrt namnet ved fleire høve. No har det stadig dukka opp i samband med nominasjonen føre neste kommuneval, seier leiar av valkomiteen i Tromsø Ap, Viggo Hansen, til iTromsø.
Amundsen sjølv vil berre seie at han ikkje vil gjere noko aktivt for å verte nominert som ordførarkandidat i partiet.
Ifølgje iTromsø skal Hausberg har vore omstridt i partiet, og han vant nominasjonen sist etter to rundar internt i partiet.